NAV Samnanger

Om NAV Samnanger

NAV Samnanger har kontor i kommunehuset på Tysse (Tyssevegen 217, 5650 Tysse).  Kart

 

Kontakt NAV

 

Opningstider

Ved timeavtale: klokka 08:00 – 15:00 alle kvardagar.

Drop-in: måndag 12:00 - 14:00, onsdag 12:00 - 14:00

 

Økonomisk sosialhjelp

Om ein kjem opp i ein situasjon der ein treng økonomisk hjelp, kan det vera at ein har rett på økonomiske ytingar frå det offentlege.

Det kan vera:

  • Økonomisk yting frå kommunen
  • Råd og rettleiing, eller hjelp i form av bustønad til høge buutgifter

Søknaden må dokumenterast. I søknadsskjemaet finn du informasjon om kva dokumentasjon NAV treng for å handsama søknaden din.

No kan du søkja om sosialhjelp digitalt

Du kan no søkja om sosialhjelp digitalt i kommunen vår. Den nye løysinga gjer at du kan søkja heimanfrå heile døgnet på pc, mobil eller nettbrett.

For å søkja sosialhjelp digitalt, må du logga deg inn på «Ditt NAV» på nav.no med BankID eller andre sikkerheitsløysingar som Buypass eller Commfides.

Treng du hjelp til utfyllinga, kan du ringja NAV Kontaktsenter på 55 55 33 33 og få rettleiing over telefon. Viss du av ulike årsaker ikkje kan eller ynskjer å nytta deg av den digitale søknaden om sosialhjelp, kan du fortsatt søkja på papir og senda eller levera i postkasse.

Søknadsskjema om sosialhjelp finn du her

Mer informasjon

På nav.no finn du meir informasjon. Der finn du mellom anna ei eiga side med informasjon om økonomisk sosialhjelp.

Gjeldsrådgjeving

NAV Samnanger tilbyr økonomisk rådgjeving til dei som har betalingsvanskar eller gjeldsproblem. Rådgjevinga kan innebera hjelp med å setja opp budsjett eller bistå deg i gjeldssaker overfor kreditorar. 

Du kan bestilla time hjå gjeldsrådgjevar. Dette tilbodet er gratis. Ta kontakt med NAV på telefon 55 55 33 33 eller send beskjed via ditt NAV på www.nav.no.

Du kan få råd og rettleiing ved å ringja den landsdekkande telefonen 800 45 353 for økonomisk rådgjeving, eller du kan chatta med NAV om spørsmål knytt til budsjett, økonomi og gjeldsrådgjeving.

Chat med NAV gjeldsrådgjeving

Søknad om økonomisk gjeldsrådgjeving

Trykk her for å laste ned fullmakt ved økonomisk rådgjeving

Mellombels bustad

NAV skal hjelpa deg med å finna eit mellombels butilbod viss du heilt akutt ikkje har ein stad å sova og opphalda deg neste døgn. Me rår deg til å ta kontakt med  NAV Samnanger dersom dette gjeld deg.

Meir informasjon kan du lesa her.

Flyktningetenesta

Introduksjonsprogram for nyankomne flyktningar

Kven er tilbodet for?

Flyktningar som blir busett i Samnanger kommune etter avtale med Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDI) har rett og plikt til å delta i introduksjonsprogrammet. Flyktningar som kjem til kommunen utan avtale, har ikkje rett til å delta i introduksjonsprogrammet eller få introduksjonsstønad.

Korleis får du tilbodet?

Flyktningtenesta ved NAV Samnanger hjelper med busetjing, råd, rettleiing, inntak og deltaking i introduksjonsprogrammet.

Trykk her for å lesa meir om introduksjonsprogrammet på heimesida til IMDI.

Kva tilbyr me?

Når du blir busett i Samnanger kommune, lagar me ein individuell plan for introduksjonsprogrammet ditt. Planen byggjer på ønska dine og på den kompetansen og arbeidserfaringa du har.

Gjennom programmet får du læra norsk, du får kunnskap om det norske samfunnet og prøva deg i arbeidslivet. Å delta i programmet tar tida til ei vanleg arbeidsveke. Programmet kan vara i to år, og du får økonomisk støtte i heile denne perioden.

Målet med introduksjonsprogrammet er å hjelpa deg, slik at du kan klara deg sjølv økonomisk ved å arbeida eller med studielån dersom du har bruk for meir utdanning.

Dette får du:

  • tett oppfølging
  • praktisk opplæring i norsk språk og samfunn
  • hjelp til å starta utdanning eller koma i arbeid
  • økonomisk støtte tilsvarande to gongar grunnbeløpet til Folketrygda

Trykk her for å lese om grunnbeløpet til Folketrygda

Har du spørsmål om introduksjonsprogrammet og busetting av flyktningar i Samnanger?

Ta kontakt med flyktningetenesta i NAV Samnanger 55 55 33 33.

Er du allereie ein del av programmet, skal du ha fått eigen kontaktinformasjon hjå oss.

Meir informasjon finn du på IMDI sine sider.

Kvalifiseringsprogrammet

Kvalifiseringsprogrammet er for deg mellom 18-67 år som ønskjer å jobba, men treng oppfølging for å klara det.

For meir informasjon kan du lesa her, eller ta kontakt med NAV Samnanger på telefon 55 55 33 33.

På heimesida til NAV finn du informasjon om ledige stillingar, vegvisar til informasjon som er tilpassa deg og din situasjon. Her finn du og informasjon om søknad og søknadsskjema.

Opplysning, råd og rettleiing

Du har rett til å få opplysning, råd og rettleiing frå NAV som kan bidra til å løysa eller førebyggja sosiale problem.

All informasjon om opplysning, råd og rettleiing finn du her.

Inkluderingsdugnaden

Inkluderingsdugnaden er eit felles samfunnsoppdrag for å få fleire i jobb.

Ta kontakt med NAV dersom verksemda di treng bistand i rekrutterings- og inkluderingsarbeidet.

Trykk her for meir informasjon frå NAV om dette

Trykk her for å sjå kampanjefilmen


Sist oppdatert: 29.04.2024
Publisert: 30.08.2019