Avlastingstilbod

Slik søkjer du

Trykk her for å lasta ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester

I søknaden må du beskriva behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer. 

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å senda søknaden på e-post. Søknaden må derfor sendast eller leverast på ein av følgjande måtar: 

  • Lever søknaden på Samnangerheimen eller i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse
  • Send søknaden i posten til: 
    Samnanger kommune 
    Tyssevegen 217
    5650 Tysse
  • Send søknaden digitalt til kommunen via den sikre løysinga eDialog

Kva får du?

Avlasting vert gjeve på timesbasis eller gjennom eit eller fleire døgn, i heimen eller på institusjon.

Med avlasting får du som foreldre/pårørande nødvendig og regelmessig avbrekk frå krevjande omsorgsoppgåver, og moglegheit til å ivareta andre familierelasjonar, til dømes søsken og parforhold, og sosiale nettverk.

Barnet/ungdommen får eit individuelt tilrettelagt avlastingstilbod med tilpassa aktivitetar. Tilbodet som vert gjeve er i samråd med ønska og behova til familien.

Krav til søkjar

Du kan få avlasting om du har eit særleg tyngande omsorgsarbeid for familiemedlemmar som har ei psykisk eller fysisk funksjonsnedsetjing.

Kontakt oss

Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 27.09.2019