Bustad/bufellesskap

Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre som treng tilpassa bustad, kan søkja om å få leiga ein omsorgsbustad.

Omsorgsbustaden er tilpassa eldre og rørslehemma og bygd slik at du kan motta nødvendige pleie- og omsorgstenester. Bustaden er din eigen heim, og tildeling av heimetenester skjer etter søknad og individuell vurdering. 

Slik søkjer du

Trykk her for å lasta ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester

I søknaden må du beskriva behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer. 

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å senda søknaden på e-post. Søknaden må derfor sendast eller leverast på ein av følgjande måtar: 

  • Lever søknaden på Samnangerheimen eller i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse
  • Send søknaden i posten til: 
    Samnanger kommune 
    Tyssevegen 217
    5650 Tysse
  • Send søknaden digitalt til kommunen via den sikre løysinga eDialog

I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.

Kva skjer vidare?

  • me vurderar søknaden din, og prøver å finna det tilbodet som passar best for deg.
  • me tar kontakt med deg dersom me treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøkja deg.
  • me prøver å svare deg innan 14 dagar. Dersom me ikkje klara dette, tar me kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Kva får du?

  • du får ein tilpassa bustad
  • du kan søkje om bustøtte frå Husbanken

Krav til søkjar

  • du er 18 år eller eldre
  • du må ha eit fysisk eller psykisk funksjonstap
  • du må betale husleige

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Me behandlar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss. 

Kontakt oss

Har du spørsmål om tenesta, ta gjerne kontakt

Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 08.06.2018