Følgjekort

Ordninga med følgjekort omfattar personar som har ei funksjonshemming som er forventa å vara i minst to år. 

Retningslinjer for følgjekort 

Retningslinjer for Samnanger kommune, vedtekne av kommunestyret 15.06.2023: 

1. Formål
Ordninga med følgjekort skal vera eit verkemiddel for auka deltaking og likestilling i samfunnet ved at personar med nedsett funksjonsevne som har behov for det, får ha med seg følgje utan ekstra kostnader.

Ordninga skal vere eit verkemiddel for å førebyggja isolasjon og dermed medverka til auka livskvalitet.

Ordninga med følgjekort omfattar personar som har ei funksjonshemming som er forventa å vara i minst to år. 

Ordninga vert vedteken og administrert av Samnanger kommune, men er gyldig for heile landet.

2. Personar med nedsett funksjonsevne
Med nedsett funksjonsevne meiner ein tap eller skade på kroppsdel eller i ein av kroppen sine funksjonar. Dette omfattar både fysiske, psykiske og kognitive funksjonar.

3. Følgje
Følgje er den, eller dei, som hjelper personen med nedsett funksjonsevne. Kven som er følgje, kan variera frå gong til gong.

Følgjekortet gir vanlegvis rett til å ha med seg éin følgjeperson, men dersom behova til personen som søkjer om følgjekort tilseier at det er nødvendig med to følgjepersonar, kan dette innvilgast.

4. Følgjekort
Eit følgjekort er eit kort som vert skrive ut til ein person med nedsett funksjonsevne som har søkt om ordninga, og som fyller vilkåra for å få følgjekort.

På følgjekortet skal det gå fram kven som har fått innvilga følgjekortet (inkludert eit bilde av personen), gyldigheitsdato, kva kommune som har skrive ut følgjekortet, og kor mange følgjepersonar personen har rett til å ha med seg. Følgjekortet vert skrive ut gratis.

Følgjekortet skal gje følgjet gratis tilgjenge til kultur- og fritidsarrangement og transportmiddel som personen med nedsett funksjonsevne ikkje ville kunne delteke på eller nytta utan følgje.

5. Aldersgrense
Det er ikkje ei øvre eller nedre aldersgrense for å få følgjekort, dersom behovet er dokumentert.

For barn under skulealder må det dokumenterast at barnet har eit større behov for følgje enn det som hadde vore tilfelle dersom barnet ikkje hadde hatt redusert funksjonsevne, og det det derfor vil vera ekstrautgifter, samanlikna med jamnaldrande som deltek på same type aktivitetar. Det betyr at det berre er barn med eit særleg omfattande assistansebehov som normalt vil kunne tildelast følgjekort heilt frå småbarnsalder.

Høg alder er ikkje nok til å kvalifisera for ordninga. For alle aldersgrupper er det ein føresetnad at det ligg føre nedsett funksjonsevne som oppfyller vilkåret om varigheit i punkt 1 i desse vedtektene.

6. Søknad
Personen med nedsett funksjonsevne søkjer Samnanger kommune på fastsett skjema for følgjekort. Søknaden skal innehalda passfoto.

Ved behov kan kommunen innhenta uttale om søkjaren sitt behov frå fastlege, spesialisthelseteneste, psykolog, offentleg godkjent helseinstitusjon, eller kommunen si helse- og omsorgsteneste.

Søknadsskjema for følgjekort skal vera lett tilgjengeleg på kommunen sine nettsider.

7. Periode
Ved utskriving av følgjekortet vurderer kommunen kor lenge kortet skal vera gyldig. Følgjekortet kan skrivast ut tidsavgrensa eller ikkje tidsavgrensa.

Tidsavgrensa følgjekort skal normalt vera gyldig i 5 år.

8. Bruksområde
Følgjekortet gjeld som tilgjenge til aktivitetar, bygningar m.m. som aksepterar ordninga. Det offentleg fastsette symbolet skal vera sett opp på stader som aksepterer ordninga. Ordninga er landsdekkande og kan brukast i alle kommunar som har vedteke ordninga.

9. Klage
Vedtak om å innvilga eller avslå ein søknad om følgjekort er eit enkeltvedtak etter forvaltningslova. Vedtaket kan med heimel i Forvaltningslova § 28 andre ledd klagast inn til det kommunale klageorganet.

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist for følgjekort. Me handsamar alle søknader etter kvart som dei kjem inn til oss. 

Kva kostar det? 

Det kostar ikkje noko å få følgjekort. Du må kjøpe billett til deg sjølv på vanleg måte, men kan ta med eit gratis følgje der dei godtar ordninga.

Slik søkjer du

Trykk her for å lasta ned søknadsskjemaet for følgjekort

Send søknaden til kommunen på ein av følgjande måtar: 

  • Via post til;
    Samnanger kommune
    Tyssevegen 217
    5650 Tyssse
  • eDialog: sikker løysing for digital sending av dokumentasjon til kommunen
Kva skjer vidare?
  • Me vurderer søknaden din.
  • Me tar kontakt med deg dersom me treng fleire opplysningar
  • Me prøver å svara deg innan fire veker. Dersom me ikkje klarar dette, tar me kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
Kontakt oss

Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen

Slik klagar du

Trykk her for å lesa korleis du kan klaga på eit vedtak. 


Sist oppdatert: 24.06.2023
Publisert: 05.02.2021