Omsorgsstønad (omsorgsløn)

Omsorgsarbeidet må vera knytt til hjelp i eigen heim. Målet er at familien kan ha mogelegheit til å halda fram med å ha omsorga for sine næraste.

Omsorgsstønad er eit fast beløp kvar månad som er godtgjersle for nokre av timane som du brukar på pleie- og omsorgsarbeid i heimen.

Krav til søkjar

  • den pleietrengjande må bu i heimen
  • omsorgsarbeidet må vurderast som særleg tyngjande og det må vera nødvendige oppgåver.

Dersom du ikkje har søkt om hjelpestønad frå NAV, må du søkja om dette samtidig.

Forvaltarkontoret vil vurdera om omsorgsstønad er det beste alternativet, eventuelt saman med andre hjelpetiltak.

Dette må du tenkja over før du søkjer:

  • brukar du mange timar per månad på omsorgsarbeidet?
  • er arbeidet meir fysisk eller psykisk belastande enn vanleg?
  • har du mykje nattarbeid slik at det går utover nattesøvnen?
  • er det behov for omsorgsarbeid i periodar eller heile tida?
  • går omsorgsarbeidet ut over det sosiale livet ditt og ferie og fritid?
  • har du omsorg for meir enn ein person?

Søkja omsorgsstønad (omsorgsløn)

Trykk her for informasjon om korleis du søkjer om omsorgsstønad (omsorgsløn)


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 08.06.2018