Parkeringsløyve

Slik søkjer du 

 

  • Ta kontakt med NAV for å få tilsendt skjema.
  • I søknaden må du skildre behovet ditt og grunngi kvifor du søkjer, dette gjeld og ved fornying av parkeringsløyve.
  • Ei legeerklæring må leggjast ved søknaden. Ved fornying av parkeringsløyve er det nok med kopi av tidlegare legeerklæring, dersom den viser at du har vesentleg skade av livsvarig karakter.
  • Legg ved eit passfoto. Skriv namnet ditt på baksida.
  • Send søknaden og vedlegga til kommunen på ein av følgjande måtar: 
    • Postadresse: Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse
    • eDialog: sikker løysing for digital sending av dokument til kommunen

Du kan òg levere søknaden på servicesenteret i kommunehuset på Tysse. 

Kva skjer vidare?

  • Me vurderer søknaden din.
  • Me tar kontakt med deg dersom me treng fleire opplysningar
  • Me prøver å svara deg innan fire veker. Dersom me ikkje klarar dette, tar me kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.

Kva får du?

Med parkeringsløyve kan du parkere på følgjande plassar:

  • Reservert for rørslehemma merka med offentleg trafikkskilt.
  • Kommunale parkeringsplassar utan å betale avgift.
  • Inntil dobbel tid på tidsavgrensa parkering frå 30 minutt og oppover. Unntak når det er skilta med tidsavgrensa parkering for rørslehemma med parkeringsløyve.
  • Stadar der det er innført bustadsoneparkering.

Krav til søkjar

Du må ha legeerklæring som dokumenterer at du ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevega deg over lengre avstandar.

Du må dokumentera behov for å parkera ved bustad, arbeid eller ved regelmessige aktivtetar, for eksempel legebesøk.

Kontakt NAV

Slik klagar du

Trykk her for å lesa korleis du kan klaga på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 08.06.2018