Brukarstyrt personleg assistanse - BPA

Kva tilbyr me?

Brukarstyrt personleg assistentsordning (BPA) er ein alternativ måte å organisera praktisk og personleg bistand i dagleglivet både i og utanfor heimen for personar med stort hjelpebehov. Målet er at du skal ha eit aktivt og mest mogeleg uavhengig liv trass for funksjonshemning.

BPA vert vurdert etter kva tenester du vil få tildelt med ordinære tenester som heimehjelp, støttekontakt og anna. 

Kven kan søkje om brukarstyrt personleg assistanse?

BPA passar til deg som er yngre og funksjonshemma, og som ynskjer å leva eit sjølvstendig liv. Du sjølv eller ein annan person som du peikar ut, må vera arbeidsleiar for assistentane.

Du kan få tenesta organisert som BPA når du:

  • er under 67 år
  • har eit langvarig og stort behov for personleg assistanse

Slik søkjer du

Trykk her for å lasta ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester

I søknaden må du beskriva behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer. 

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å senda søknaden på e-post. Søknaden må derfor sendast eller leverast på ein av følgjande måtar: 

  • Lever søknaden på Samnangerheimen eller i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse
  • Send søknaden i posten til: 
    Samnanger kommune 
    Tyssevegen 217
    5650 Tysse
  • Send søknaden digitalt til kommunen via den sikre løysinga eDialog

Kva kostar det?

Den personlege hjelpa er gratis. Får du hjelp til praktisk husarbeid i heimen din, må du betala ein eigenandel.

Det er den samla inntekta til husstanden din som avgjer kor mykje du skal betala.

Les meir

Trykk her for å lese eit rundskriv frå Helse- og omsorgsdepartementet om BPA.

Kva skjer vidare?

  • Me prøver å svara deg innan fire veker. Dersom me ikkje klarar det, tar me kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Me tar kontakt med deg dersom me treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøka deg.

Kontakt oss

Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen

Slik klagar du

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 22.02.2021
Publisert: 13.07.2018