Hjelpemiddel

Treng du hjelpemiddel på grunn av mellombels nedsett funksjonsevne, kan du ta kontakt med kommunen sitt hjelpemiddellager.

Ved varig behov for hjelpemiddel (over 2 år), må du søkja NAV Hjelpemiddelsentral i Vestland om varig utlån. Dette må gjerast på NAV sitt søknadsskjema. 

Kva tilbyr me?

  • formidling av kommunale hjelpemidlar som legg til rette for at du kan fungera på eit så høgt fysisk funksjonsnivå som råd 
  • statlege hjelpemidlar: Me leverer ut hjelpemidlar til varig utlån for dei som har vedtak frå Hjelpemiddelsentralen i Hordaland
  • utkøyring, tilbakelevering, montering, enkle reparasjonar og vedlikehald av tekniske hjelpemidlar
  • henting og tilbakelevering av mindre tekniske hjelpemiddel kan skje i ekspedisjonstida eller etter avtale.

Kontaktperson i kommunen

Åse Waage Tveit (kommunefysioterapeut)

 Slik søkjer du

Ta direkte kontakt med hjelpemiddellageret dersom du treng hjelpemiddel på kortvarig utlån.

Trykk her for å lese meir om korleis du søkjer hjelpemiddel på heimesida til NAV. Ta kontakt med kommunen sin kontaktperson dersom du treng hjelp i samband med dette. 

Kva kostar det?

Det er gratis å låne hjelpemiddel. 

Kva får du?

  • Utlån av enkle hjelpemiddel i tre månader eller lenger etter avtale:
    • toalettforhøyer
    • armlene til toalett
    • toalettstol
    • dusjkrakk
    • transportrullestol
    • underarmsrullator
    • rullator
    • sengebord
    • terskeleliminator
    • kjøreskinne
    • badekarbrett
    • arbeidsstol
  • Teknisk tilpassing og reparasjonar av hjelpemiddel
  • Flytte fastmonterte og større hjelpemiddel innvilga frå NAV hjelpemiddelsentral
  • Retur hjelpemiddel frå NAV hjelpemiddelsentral

Slik klagar du

Trykk her for å lesa korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 13.07.2018