Støttekontakt

Treng du støttekontakt?

Slik søkjer du om støttekontakt

Trykk her for å lasta ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester

I søknaden må du beskriva behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer. 

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å senda søknaden på e-post. Søknaden må derfor sendast eller leverast på ein av følgjande måtar: 

  • Lever søknaden på Samnangerheimen eller i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse
  • Send søknaden i posten til: 
    Samnanger kommune 
    Tyssevegen 217
    5650 Tysse
  • Send søknaden digitalt til kommunen via den sikre løysinga eDialog

Kva får du?

​​​​​​Støttekontakten kan mellom anna komma på besøk til deg, bli med på kafé, kino, trening eller andre sosiale aktivitetar.​ Hjelpa blir gitt etter dine ønskje.

Støttekontakten har vanlegvis ingen spesiell fagleg bakgrunn, men får opplæring og blir følgt opp av fagfolk.

Krav til søkjar

Du må ha behov for hjelp til å ivareta ei aktiv og meiningsfull fritid.

Kva kostar det?

Det er gratis å ha støttekontakt. Men du må rekna med å dekka dine eigne utgifter til aktivitetar de gjer saman, til dømes inngangspengar til symjehall, kinobillett, mat og så vidare.

Du kan ha rett på følgjekort som gjer at støttekontakten din får gratis eller billigare inngang mange stader.

Meir informasjon om følgjekort

Kva skjer vidare?

  • Me prøver å svara deg innan fire veker. Dersom me ikkje klarar det, tek me kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Me tek kontakt med deg dersom me treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøka deg.

Kontakt oss

Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen

Klage på vedtaket

Trykk her for å lesa korleis du kan klaga på eit vedtak.

Vil du bli støttekontakt?

Slik blir du støttekontakt

Som støttekontakt får du godtgjersle frå kommunen for å hjelpe eit anna menneske som treng støtte til å få ei meir aktiv, meiningsfull og sosial fritid. Mange treng støttekontakt. Nokon klarar ikkje å kome seg ut på eiga hand, andre treng hjelp til å meistre ulike aktivitetar. Dei som treng støttekontakt er ulike og difor treng me ulike støttekontaktar!

Kven kan bli støttekontakt?

  • du bør vere minst 18 år
  • du må kunne leggje fram politiattest
  • du må vere trygg på deg sjølv og like å vere saman med andre
  • du bør vere tolerant og fleksibel, men samstundes evne å sette klare grenser
  • for å skape trygge rammer kring den du skal hjelpe, er det ein fordel om du bind deg for minst eitt år

Slik søkjer du om å bli støttekontakt

Ta kontakt med eining for pleie og omsorg for nærmare informasjon:

Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 04.10.2019