HeimHelse, sosial og omsorgOpplæring og rettleiing til pårørande

Opplæring og rettleiing til pårørande

Om tilbodet

Dette er eit tilbod til pårørande med særleg tyngande pleie- og omsorgsoppgåver.

Målet med opplæring og rettleiing frå den kommunale helse - og omsorgstenesta er å gi deg som pårørande støtte til å handtere og meistre rolla di som omsorgsytar. Vi gir dette tilbodet til den omsorgsmottakaren har ført opp som sin næraste pårørande.

Slik søkjer du

Trykk her for å lasta ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester

I søknaden må du beskriva behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer. 

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å senda søknaden på e-post. Søknaden må derfor sendast eller leverast på ein av følgjande måtar: 

  • Lever søknaden på Samnangerheimen eller i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse
  • Send søknaden i posten til: 
    Samnanger kommune 
    Tyssevegen 217
    5650 Tysse
  • Send søknaden digitalt til kommunen via den sikre løysinga eDialog

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Vi behandlar alle søknadene etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva får du?

  • Pårørande får opplæring i særleg tyngande omsorgsoppgåver ut frå sine behov og ønske
  • Pårørande får støtte og hjelp til å handtere og meistre rolla som omsorgsytar

Krav til søkjar

  • Pårørande må ha behov for og ønske opplærings- eller rettleiingstiltak i utføringa av særleg tyngande omsorgsoppgåver, og ha evne og vilje til å ta imot og nyttiggjere seg tiltaka
  • Opplærings- eller rettleiingstiltak må setje den pårørande i stand til å ta i vare brukaren på ein forsvarleg måte
  • Opplæring og rettleiing som omfattar informasjon om omsorgsmottakaren som er underlagt teieplikt krev samtykke
  • Omsorgsmottakaren må bu heime og ønske omsorga frå den pårørande

Kontakt oss

Eining for pleie og omsorg  -  Samnangerheimen

Klage på vedtak

Trykk her for å lese korleis du kan klage på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 28.06.2018