Psykisk helse og rus

Kva tilbyr me?

Rus og psykisk helseteneste for vaksne gjev hjelp og støtte til personar som har ei psykisk liding eller dobbeltdiagnose innan psykisk helse og rus. Tilbodet du får heng saman med kor alvorleg din situasjon er og kva som skal til for at du kan få det betre.

Tenesta gjev også tilbod til dei med lettare til moderate psykiske plagar eller rusvanskar, og til dømes ved livskriser der det kan vera tilstrekkeleg med hjelp i ein kortare periode.

Tilboda er fleksible og vert tilpassa din situasjon. Tilbod i psykisk helse og rus er for personar over 18 år. Personar frå 16 år kan vurderast. Du kan mellom anna få tilbod om:

Oppfølginga kan vera:

  • Personleg oppfølging og samtalar
  • Hjelp til å laga struktur på kvardagen og finna meiningsfull aktivitet
  • Individuell plan og hjelp til å finna riktige tenester
  • Støtte til betring og meistring
  • Samarbeid med fastlege og andre hjelpeinstansar
  • Medisinadministrering
  • Råd og rettleiing
  • Kartlegging og motivasjonssamtalar
  • Sosiale aktivitetar 
  • Turgruppe
  • Bading
  • Avdelinga tilbyr og rettleiing til pårørande

Når det er naturleg og ønskjeleg kan også dine pårørande verta involvert.
Du må sjølv ønskja og vera motivert for å ta imot behandling. Er du ikkje motivert for eit behandlingsopplegg akkurat no, kan kommunen tilby deg andre støttetiltak.

Dagtilbod

Tenesta har for tida dagtilbod ein dag i veka.  

Målgruppe

  • Personar busett i Samnanger kommune
  • Me gir og råd, rettleiing og samtalar til pårørande

Samarbeidspartnarar:

  • Fastlege
  • Legevakt
  • Barne- og ungdomspsykiatrisk poliklinikk (BUP)
  • Barnevernstenesta
  • NAV
  • Spesialisthelsetenesta
  • Helsestasjon
  • Kommunepsykolog

Opningstid

Opningstida er klokka 07:30 - 15:00

Kontakt oss

Lenkjer til lovverk og organisasjonar 


Sist oppdatert: 22.08.2022
Publisert: 02.12.2019