Psykologtenesta

Om tenesta

På grunn av redusert kapasitet, er det pr. i dag inntaksstopp

Kommunepsykologen i Samnanger kan tilby samtaler til foreldre og barn, og vaksne med psykiske plager og lidingar, livskriser og andre utfordringar som verkar inn på den psykisk helsa.

Dette er eit tilbod om psykisk helsehjelp for milde til moderate psykiske symptom i ei kortare periode, inntil 10 timar. Hovudfokus for tilbodet er å førebyggje utvikling av meir alvorleg problematikk.

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis.

 

Bestilling av time

Lege, Helsestasjon og Skulehelsetenesta kan tilvise deg til kommunepsykolog.

Har du behov for meir omfattande og langvarig behandling, kan det hende du treng oppfølging frå spesialisthelsetenesta. Barn og unge som har krav på hjelp etter lov om spesialisthelsetenester skal tilvisast BUP, og vaksne over 18 år skal tilvisast DPS.

Samnanger kommune har også Rus og psykisk helseteneste for vaksne.

Kvar finn du oss?

Kommunepsykologen har kontor på Helsetunet

Sjølvhjelpsverktøy

SMART  -  er ein app for stressmeistring. Frå 14 år og oppover. 

Sjølvhjelpsprogram for ulike vansker  -  Norsk Helseinformatikk har utarbeida sjølvhjelpsprogram for depresjon, søvnvansker, ulike typer angst og fobiar. Sjølvhjelpsprogramma nyttar kognitiv terapi og kan passe til vaksne med milde til moderate symptom. 

Kontaktinformasjon

Kommunepsykolog Venla Arponen Snilstveit:

  • Besøksadresse: Tyssevegen 108 (Samnanger helsetun)  Kart

Sist oppdatert: 05.06.2023
Publisert: 11.11.2019