Sjukeheimen vår

Samnangerheimen

Samnangerheimen ligg flott til på Haga med utsikt over fjorden. I 2016 flytta me inn i ny flott sjukeheim. Den eldste delen av Samnangerheimen er frå 1995. Sjå i kart

Fakta om Samnangerheimen

  • 21 vanlige langtidsplassar
  • 4 korttidsplassar
  • 25 einerom

Kompetanse

På Samnangerheimen har me høg fagkompetanse og legg vekt på individuel tilpassa behandling, oppfølging, omsorg og trygghet. Samnangerheimen har ei personalgruppe med høg kompetanse. Fagsjukepleiar eller ansvarleg sjukepleiar er alltid til stades for avdelingane.                                                                           

Me har faste sjukeheimslegar, kreftkoordinator, psykiatriteneste, fysioterapaut og aktivitør. Sjukeheimen er lærebedrift for lærlingar i helsearbeidarfaget, og me har samarbeid med Høgskulen på Vestlandet og VID vitenskaplege høgskule.

Tilbod

  • hjelp til å koma ut. Uteområdet er tilpassa rullestolbrukarar og personar med nedsett gangfunksjon. Det er sittegrupper i hagen med blomar, frukttre og bærbuskar.
  • el-sykkel til bruk ute
  • frisør kjem anna kvar veke
  • fotterapaut 
  • tilsynslege kvar tirsdag og torsdag 
  • fysioterapi ved behov
  • treningsrom
  • eige produksjonskjøken som lagar varm lunsj og middag
  • kjøken på kvar avdeling med kjøkenassistent. Her vert det laga frukost og kvelds.  
  • andakt kvar onsdag. Prest er tilgjengeleg ved behov
  • underhaldning og kaffi med bebuarane i regi av besøkstenesta og andre frivillige organisasjonar

 Måltid

Samnangerheimen har eige produksjonskjøken. Det vert laga varm mat kvar dag. Tidspunktet for måltida er ca:

  • Frukost       klokka 09.00 - 10.00
  • Lunsj           klokka 12.15 - 13.00
  • Middag        klokka 16.00 - 17.00
  • Kveldsmat   klokka 19.30 - 20.30
  • Sein suppe til dei som ynskjer

Aktivitetar

Me tilbyr forskjellige aktivitetar og kulturarrangement på sjukeheimen. Me har eigen aktivitør 2 dagar i veka, og dagsenter er ope 3 dagar i veka. Her er det måltid, helsetrim, syng med oss, musikkinnslag, besøk av barnehagar, m.m 

Kontakt oss

Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen


Sist oppdatert: 15.03.2021
Publisert: 20.10.2020