HeimHelse, sosial og omsorgSjukeheimSøkja sjukeheimsplass

Søkja sjukeheimsplass

Korttidsopphald

Eit korttidsopphald i sjukeheim er tidsavgrensa. Målet med opphaldet kan vera å kartleggja helsetilstanden og ernæringsstatusen din eller vurdera kva behov du har for hjelp, behandling, rehabilitering og opptrening.

Slik søkjer du

Søknadsfrist

Det er ikkje søknadsfrist. Me handsamar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kva kostar det?

Eit korttidsopphald kostar 180 kroner per døgn. Denne satsen vert regulert av staten. 

Kva tilbyr me ? 

  • Utgreiing og behandling innanfor vårt kompetansenivå.
  • Rehabilitering i ein tidsavgrensa, planlagt prosess med klare mål og verkemiddel. Fleire aktørar samarbeider om å gje nødvendig bistand til brukaren sin eigen innsats for å oppnå best mogeleg funksjons- og mestringsevne, sjølvstendigheit og deltaking sosialt og i samfunnet. Hos oss får rehabililteringspasientar fysioterapi 5 dagar i veka. 
  • Palliasjon og omsorg ved livets siste dagar. Me skal legge til rette for å gje god symptomlindring, god pleie og omsorg for pasientar i livets sluttfase. Hos oss har me sjukepleiarar med vidareutdanning i kreftomsorg og palliasjon.

Kven kan få tilbodet?

Rehabilitering:

Tilbod for vaksne over 18 år

  • pasienten må vera ferdig diagnostisert og ferdigbehandla av fastlege eller sjukehus
  • det må vera klarlagt at pasienten i utgangspunktet har eit rehabiliteringspotensiale
  • pasienten må vera kognitivt i stand til å gjennomføre trening etter instuksjon og vera motivert for stor eigeninnsats
  • pasienten sitt behov må samsvara med den kompetansen me til ei kvar tid har i avdelinga

Utredning og behandling:

Tilbod til pasientar som i eit avgrensa tidsrom har behov for :

  • vidare behandling/oppfølging etter sjukehusopphald 
  • medisinsk behandling innanfor vårt kompetansenivå
  • å avklare hjelpebehov/omsorgsnivå etter akutt eller kronisk sjukdom for pasientar frå primærhelsetenesta i kommunen
  • omfattande pleie/omsorg       

Kva får du ?

  • Du får hjelp av autorisert helsepersonell
  • Du får individuelt tilpassa hjelp til det du ikkje meistrar sjølv
  • Du får medisinsk behandling og pleie ved sjukdom
  • Du får tilsyn av sjukeheimslege
  • Du får tilbod om å delta på sosiale aktivitetar på institusjonen
  • Du får fri tannbehandling ved offentleg klinikk

Krav til søkjar

  • Du har behov for ei overgangsordning etter utskriving frå sjukehus
  • Du har behov for å få kartlagt vidare hjelpebehov
  • Du treng hjelp til opptrening/rehabilitering
  • Du treng hjelp til ernæring
  • Du treng hjelp til medisinsk behandling
  • Omsorg ved livets slutt

Kontakt oss

Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen

Klage på vedtak

Trykk her for å lesa korleis du kan klaga på eit vedtak eller tilbodet du får.

Langtidsopphald/langtidsplass

Langtidsopphald på ein sjukeheim er eit tilbod til eldre og sjuke som ikkje kan bu heime fordi dei treng helse- og omsorgshjelp store delar av døgnet. For å få langtidsplass i institusjon må det først ha vore vurdert og prøvd andre alternative tenester. Det blir lagt til rette for at par som ønskjer det kan bu saman på sjukeheim. Lurer du på om dette er mogleg, kan du ta kontakt med eining for pleie og omsorg. 

Slik søkjer du

Trykk her for å lasta ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester

I søknaden må du beskriva behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer. 

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å senda søknaden på e-post. Søknaden må derfor sendast eller leverast på ein av følgjande måtar: 

  • Lever søknaden på Samnangerheimen eller i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse
  • Send søknaden i posten til: 
    Samnanger kommune 
    Tyssevegen 217
    5650 Tysse
  • Send søknaden digitalt til kommunen via den sikre løysinga eDialog

Kva kostar det?

Prisen er forskjellig frå brukar til brukar, og blir fastsett etter kva økonomi du har.  

Kva får du?

  • Du får hjelp av helsepersonell
  • Du får individuelt tilpassa hjelp til det du ikkje meistrar sjølv
  • Du får medisinsk behandling og pleie ved sjukdom
  • Du får tilsyn av sjukeheimslege
  • Du får tilbod om å delta på sosiale aktivitetar ved institusjonen
  • Fri tannbehandling ved offentleg klinikk

Krav til søkjar

  • Du har vedvarande og omfattande behov for behandling eller oppfølging
  • Du har behov som etter ei fagleg vurdering berre kan dekkast ved langtidsopphald i sjukeheim
  • Andre tenester må vere vurdert eller prøvd

Kva skjer vidare?

  • Me prøver å svara deg innan fire veker. Dersom me ikkje klarar dette, tar me kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Me tar kontakt med deg dersom me treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøka deg.

Kontakt oss

Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen

Regelverk

Forskrift for tildeling av langtidsopphald i sjukeheim eller tilsvarande bustad i Samnanger

Klage på vedtak

Trykk her for å lesa korleis du kan klaga på eit vedtak eller tilbodet du får.

Avlastingsopphald

Avlastningsopphald er eit tilbod til pårørande med særleg tyngjande pleie- og omsorgsoppgåver. Du kan søkja avlasting for ein eller fleire periodar. Du kan også søkja om rullerande avlasting. Målet med avlastingsopphald er å utsetja behovet for ein institusjonsplass, slik at du kan bu heime lengst mogleg. Retten kan f.eks. omfatta bistand i hjemmet. 

Slik søkjer du

Trykk her for å lasta ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester

I søknaden må du beskriva behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer. 

Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å senda søknaden på e-post. Søknaden må derfor sendast eller leverast på ein av følgjande måtar: 

  • Lever søknaden på Samnangerheimen eller i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse
  • Send søknaden i posten til: 
    Samnanger kommune 
    Tyssevegen 217
    5650 Tysse
  • Send søknaden digitalt til kommunen via den sikre løysinga eDialog

Kva kostar det?

Tilbodet er gratis. Det er ikkje eigenbetaling for denne tenesta.

Kva får du?

  • Du får forsvarleg helsehjelp
  • Du kan delta på sosiale aktivitetar i institusjonen
  • Du får alle måltid
  • Omsorgsytar får avlasting for særleg tyngjande omsorgsoppgåver

Krav til søkjar

Kravet om at omsorgsarbeidet må væra særlig tyngjande betyr at det må vera mer fysisk og/eller psykisk belastande enn vanleg omsorgsarbeid, og/eller innebera mykje nattarbeid eller avbrot i nattesøvn. Omsorgsarbeidet må strekkja seg over tid og gjelda mange timar i månaden. Om du har rett til avlastingstiltak kjem derfor an på mange faktorar som må sjåast under eitt. Det er den kommunale omsorgstenesta som tar stilling til om du får avlastingstiltak og i kor stor grad. Avlasting kan bli sett i samanheng med andre type tenester du får som virkar avlastande. For eldre kan avlastning ofte ordnast utanfor heimen, for eksempel i form av ein dagsenterplass eller opphald på sjukeheim. 

  • Du får hjelp frå familie eller andre omsorgspersonar til mange, krevjande omsorgsoppgåver
  • Du bur heime
  • Du må sjølv ta med personleg utstyr, medisin og hjelpemidlar som du treng i kvardagen
  • Du har ikkje rett på transport, men kan be fastlegen din om å skriva ut drosjerekvisisjon

Kva skjer vidare?

  • Me prøver å svara deg innan fire veker. Dersom me ikkje klarer dette, tar me kontakt med deg og fortel kor lang tid det vil ta før du får svaret.
  • Me tar kontakt med deg dersom me treng fleire opplysningar eller ønskjer å besøkja deg.

Søknadsfrist

Søknadsfrist for rullerande avlastning er 15. august kvart år. Me gir vedtak om avlasting for eitt år om gangen.

Andre søknadar behandlar vi etter kvart som dei kjem inn til oss.

Kontakt oss

Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen

Klage på vedtak

Trykk her for å lesa korleis du kan klaga på eit vedtak eller tilbodet du får.


Sist oppdatert: 21.07.2022
Publisert: 27.06.2018