HeimInfluensa og influensavaksineInformasjon om influensavaksine i Samnanger

Informasjon om influensavaksine i Samnanger

Barn og vaksne i følgande risikogrupper og andre grupper bør ta influensavaksine årleg:
-Alle frå fylte 65 år.
-Bebuarar i sjukeheimar og omsorgsbustader.
-Barn og vaksne med:
•kronisk lungesjukdom
•kronisk hjarte- og karsjukdom
•kronisk leversvikt
•kronisk nyresvikt
•kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
•nedset immunforsvar
•diabetes mellitus, type 1 og 2
•svært alvorleg fedme (BMI over 40)
• annan alvorleg eller kronisk sjukdom
-Gravide frå 12. svangerskapsveke.
-Personar som bur med (eller er tilsvarande nære) personar med svekt immunforsvar/immunsupprimerte.
-Svinerøktere.

 

Korleis få influensavaksine:

Det vert influensavaksinering på Samnanger helsetun
Måndag 24. oktober
Måndag 31. oktober
Måndag 7. november
Klokken 09.00 - 11.30 og 12.30 - 14.30. I dette tidsrommet er det berre til å møta opp.

Influensavaksinen kan du og få av fastlegen din ved samtidig legetime.

Etter 7. november vert det vaksinering ved drop-in so lenge lageret rekk.

Ved spørsmål, ring legekontoret på telefon: 56589100

 

Prisar:
VAKSINASJON
-Vaksinasjon utan samtidig konsultasjon (same pris om fleire vaksinar blir samtidig sett): 200,-
-Vaksinasjon med samtidig konsultasjon: (same pris om fleire vaksinar blir samtidig sett): 150,-
Koronavaksinasjon er gratis

VAKSINAR
-Koronavaksine: Gratis
-Influenavaksine: 100,-
-Pneumokokkvaksine (mot lungebetennelse): 370,-

 

Kombinasjon av vaksinar og tidsintervall (hovudregel):
-Influensavaksine og Pneumokokkvaksine kan setjast samtidig.
- Influensavaksine og Koronavaksine kan setjast samtidig.
-Pneumokokkvaksine og Koronavaksine skal givast med minst 1 vekes mellomrom.
Snakk med legen din om dette òg gjeld for deg.


Sist oppdatert: 17.10.2022
Publisert: 23.09.2022