HeimInfluensa og InfluensavaksineInformasjon om risikogrupper, tidspunkt for vaksinering og prisar

Informasjon om risikogrupper, tidspunkt for vaksinering og prisar

Desse målgruppene er prioritert til å få vaksine i regi av kommunen 

Følgjande risikogrupper:

  • Bebuarar i omsorgsbustad og sjukeheim
  • Alle frå fylte 65 år
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke
  • Gravide før 12. svangerskapsveke med annan tilleggsrisiko
  • Prematurt fødde barn, særleg barn født før veke 32 i svangerskapet, frå 6 månader til 5 år.
  • Barn og vaksne med kroniske sjukdomar, som:
    • kronisk lungesjukdom (inkludert astma)
    • hjarte- og karsjukdom (anna enn velregulert høgt blodtrykk)
    • diabetes type 1 og 2
    • leversvikt eller nyresvikt
    • kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, spesielt personar med nedsett lungekapasitet og/eller hostekraft
    • nedsett immunforsvar som følgje av sjukdom eller behandling av sjukdom (f.eks. organtransplanterte, kreft, HIV, reumatoid artritt og andre sjukdomar)
    • svært alvorleg fedme (KMI over 40)
    • annan alvorleg og/eller kronisk sjukdom der influensa vil vere ein alvorlig helserisiko, etter individuell vurdering av lege (f.eks. personar med medfødde kromosomavvik, genetiske syndrom og samansette kromosomavvik som ikkje er klassifisert annan stad)

 

I tillegg tilrår ein influensavaksine til:

  • Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasientar ved behandling eller pleie
  • Personar som bor saman med (eller er tilsvarande nære) immunsupprimerte
  • Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levende griser

 

Sjå utfyllande informasjon:

https://www.fhi.no/sv/influensa/influensavaksine/influensavaksine-risikogrupper/

Tidspunkt og stad for vaksinasjon av risikogruppene 

Drop-in fra måndag – torsdag kl 0900-1500. Du treng ikkje bestilla time.

Oppstart tysdag 26. oktober etter følgjande skjema:

  • I perioden 26/10 - 1/11: Alle i målgruppene som er fødd fra 1. -10. i kvar månad
  • I perioden 2/11 - 8/11: Alle i målgruppene som er fødd fra 11.- 20. i kvar månad
  • I perioden 9/11 - 15/11: Alle som er fødd fra den 21. – 31. i kvar månad
  • Fra 16/11: Alle i målgruppene som enda ikkje er vaksinert.

 

Stad: Legekontoret (vend deg i resepsjonen)

 

Du kan også verte vaksinert i samband med legetime.

Vaksinering av dei som ikkje er målgruppene 


Om du ikkje er i målgruppene som nemt over, kan du også få vaksine. Du må då først skaffa deg resept hos fastlegen. Så hentar du ut

Om du ikkje er i målgruppene som nemnt over, kan du også få vaksine. Du må då først skaffa deg resept hos fastlegen. Så hentar du vaksinen på apoteket, og ringjer fastlegekontoret for å avtale tidspunkt for vaksinering. Du kan også få vaksinen sett på apoteket utan resept, men dette er noko dyrare.

 

Vaksinering i regi av legekontoret for denne gruppa startar frå 16.november.

Prisar 

Pasientar i målgruppene får gratis influensavaksine.

Vaksine mot lungebetennelse koster kr 300.

Sjølve vaksineringa kostar kr 50, men om du har frikort er også dette gratis.

Om du ikkje tilhøyrer målgruppene kostar vaksineringa kr 200.

 

For meir informasjon, ring legekontoret på tlf 56589100.


Sist oppdatert: 18.10.2021
Publisert: 11.10.2021