Bandtvang
Det er fastsett lokal forskrift om bandtvang for hund i Samnanger kommune. Der er det mellom anna bestemt at hundar skal haldast i band heile året på følgjande stader:
- I og i tilknyting til bustadområde og handleområde
- Ved offentlege badeplassar
- Ved drikkevasskjelder
I forskrifta er det òg bestemt at hundar skal haldast i band eller forsvarleg innestengt eller inngjerda i tida 1. april til 31. oktober der husdyr beiter eller har beiterett.
Trykk her for å lesa heile den lokale forskrifta
Reglane i den lokale forskrifta gjeld i tillegg til reglane i lov om hundehald (hundelova).
Trykk her for å lesa hundelova
Skal du bruka hunden din på jakt eller i aktiv teneste for politiet eller militæret? Då finst det unntak i lova om bandtvang, sjå § 9 i hundelova.
Sist oppdatert:
19.03.2021
Publisert:
02.08.2018