HeimKommunale krav, næring og landbrukNæringKorona-støtte til næringslivet

Korona-støtte til næringslivet

Kompensasjonsordning for lokale verksemder i Samnanger  -  søknadsfrist 27.01.2022

Samnanger kommune vart i desember 2021 tildelt 424 000 kroner frå staten til vidarefordeling til lokale verksemder, som kompensasjonstilskot i samband med koronapandemien. Ordninga skal setja kommunane raskt i stand til å avhjelpa situasjonen for lokale verksemder for å oppretthalda arbeidsplassar og viktig kompetanse. 

Søknadsfrist er 27.01.2022

Søknad må skrivast/sendast gjennom www.regionalforvaltning.no

Mei informasjon finn du her eller på regjeringa sine nettsider

Kompensasjonsordning for lokale verksemder i Samnanger - Søknadsfrist 27.12.2021

Samnanger kommune vart i oktober 2021 tildelt 1 172 000 kroner til vidarefordeling til lokale verksemder, som kompensasjonstilskot. Ordninga skal medverka til å oppretthalda arbeidsplassar og viktig kompetanse i verksemder som er avhengige av turisme frå land utanfor EØS-området, og derfor framleis ramma av koronapandemien.

Dette er andre gongs utlysing av desse midlane. Søknadsfrist er 27.12.2021. 

Søknader må skrivast/sendast i www.regionalforvaltning.no.

Meir informasjon finn du på regjeringa sine nettsider.

Nasjonale ordningar og tiltak

Informasjon om nasjonale ordningar og tiltak for norske verksemder finn du på regjeringa sine nettsider

Kompensasjonsordning for lokale verksemder i Samnanger  -  søknadsfrist 18.11.2021

Samnanger kommune vart i oktober 2021 tildelt 1 172 000 kroner til vidarefordeling til lokale verksemder, som kompensasjonstilskot. Ordninga skal medverka til å oppretthalda arbeidsplassar og viktig kompetanse i verksemder som er avhengige av turisme frå land utanfor EØS-området, og derfor framleis ramma av koronapandemien.

Søknadsfrist er 18.11.2021.

Søknader må skrivast/sendast i www.regionalforvaltning.no.

Meir informasjon finn du på regjeringa sine nettsider.   

Stønad til tiltak i møte med pandemien  -  søknadsfrist 27.05.2021

Kompensasjonsordning til lokale verksemder i Samnanger kommune ("Bagatellmessig stønad til tiltak i møte med pandemiden"). Søknadsfrist 27.05.2021. Søknader må skrivast/sendast i www.regionalforvaltning.no.  

Samnanger kommune er tildelt 653 800 kroner til vidare fordeling til lokale verksemder for å avhjelpe situasjonen for dei som er særleg hardt ramma av lokale eller nasjonale smitteverntiltak.

Ordninga skal kompensere lokale verksemder som har falt heilt eller delvis utanfor dei generelle kompensasjonsordningane.

Dette kan vera kostnader eller tap som følgje av smitteverntiltak og nedstenging. Stønaden er til verksemder innanfor reiselivs-, arrangement- og servicenæringane, og andre verksemder som av ulike grunnar fell utanfor generelle kompensasjonsordningar. Den lokale situasjonen vil verte avgjerande for kven som får stønad. Tilskotet vert gjeve som bagatellmessig stønad, der det ikkje vert krav om å spesifisere kostnader tilskotet skal dekke. Søkjar må oppgje om verksemda har fått offentleg stønad i løpet av 2019, 2020 og 2021.

Det er berre søknadar sendt i www.regionalforvaltning.no som vert handsama. Frist for å sende inn søknad er 27.05.2021. 

Ekstraordinært kommunalt næringsfond

Kommunal- og moderniseringsdepartementet tildelte i 2020 kommunane eit eingongstilskot til næringstiltak mot koronakrisa. Samnanger kommune fekk då ca. 965 000 kroner, etter ein fordelingsnøkkel basert på sysselsetting, næringssamansetjing, distriktsfaktor og skjøn. Søknadsfrist for desse midlane var 01.10.2020 og 01.11.2020. 

Reglar om bruk av ekstramidlane er fastsette i midlertidig forskrift om tilskudd til kommunale næringsfond som følge av covid-19-utbruddet


Sist oppdatert: 13.01.2022
Publisert: 02.09.2020