Kraft- og heimfallsfond

Samnanger kommune har eit kraft- og heimfallsfond, som årleg blir tilført økonomiske midlar frå Eviny Fornybar AS (tidlegare Bergen Lysverker). 

Formålet med fondet er å støtta og utvikla næringslivet i kommunen, bidra til auka sysselsetting og verdiskaping.

Verksemder i kommunen kan søkja om midlar frå fondet. Nærmare informasjon om dette går fram av vedtektene for fondet.   

 

Vedtekter for Samnanger kommune sitt kraft- og heimfallsfond

 

Eigeninnsats kan nyttast som eigenkapital i samband med søknaden:

  • Godkjent timesats er inntil 1,2 promille av avtalt og reell årslønn, men avgrensa til kr 700 pr time. Det blir godkjent inntil 1 850 timar pr år.
  • Som avtalt og reell årslønn blir årslønn rekna ved utløpet av prosjektperioden eller inntektsåret. Faste avtalte naturalytingar inngår i berekninga av avtalt årslønn. Uregelmessige tillegg som bonusar, overtidsgodtgjersle osb. inngår ikkje i avtalt årslønn. Avtalt årslønn til deltidstilsette omregnes til heiltidsstilling ved berekninga av årslønn. Den nominelle årslønna til vedkommande og dessutan tidspunkt og storleik på siste lønnsregulering må kunna dokumenterast.

 


Sist oppdatert: 10.10.2023
Publisert: 03.07.2023