Næringslivet i Samnanger

Hovudnæringar i Samnanger har tradisjonelt vore tekstilindustri og kraftverk, service og jordbruk. Døme på nyare verksemd er fiskeoppdrett, treindustri (møbel- og kjøkkeninnreiing) og betongindustri (ferdigelement). Her er også smie og mekanisk verkstad. I Eikedalen ligg det største skianlegget i Bergensregionen, med over 30 tilsette i sesongen

Kommunen har to daglegvarebutikkar, byggvarehandel, blomsterbutikk, fabrikkutsal for SAFA, bunadsbutikk, frisørsalongar, pizzeria og butikk med sports- og fritidsutstyr, leikar, gåver m.m. Her er òg motell med kafè og pub, campingplass, post (post i butikk), bensinstasjon og bilverkstad.

I tillegg er det fleire mindre entreprenørar med gravemaskinar, lastebilar og transport, snikkarar, røyrleggjarar, elektrikarar, malarar m.m.

Meir informasjon om næringslivet i Samnanger finn du på Samnanger Næringsforum sine nettsider


Sist oppdatert: 21.02.2021
Publisert: 14.02.2021