Eigedomsskatt

Eigedomsskattesatsar i 2024

Kommunestyret vedtok 07.12.2023 satsar for eigedomsskatt i 2024. 

Kommunestyret vedtok at den generelle eigedomsskattesatsen i 2024 i Samnanger kommune skal vera 7 promille. For bustader og fritidseigedomar vedtok kommunestyret at skattesatsen i 2024 skal vera 1 promille. Kommunestyret vedtok òg at botnfrådraget for bustader og fritidseigedomar i 2024 skal vera 30 000 kroner. 

Kommunestyret sitt vedtak om eigedomsskattesatsar for 2024

Kommunestyrevedtak 07.12.2023 (sak 136/2023):

Det vert skrive ut eigedomsskatt på faste eigedomar i kommunen i 2024. Den generelle skattesatsen som skal gjelda for dei skattepliktige eigedomane vert sett til 7 ‰. Satsane er differensiert ved at den satsen som skal gjelda for bustader og fritidseigedomar vert sett til 1,0 ‰. Satsen for bustadar og fritidseigedomar går med det ned frå 1,4 ‰. Eigedomskatt for næringsverksemd vert ståande på 7 ‰.

Eigedomskatt for næringsverksemd vert ståande på 7 ‰. For bustaddelen av eigedomen (gjeld og fritidseigedom) vert det gitt eit botnfrådrag på kr 30 000 av takstverdi. Botnfrådraget vert gitt for alle sjølvstendige bustaddelar. Botnfrådrag vert ikkje gitt når eigedomen vert nytta til næringsverksemd. Det vert skrive ut eigedomsskatt på det særskilte skattegrunnlaget som vert redusert i 2024. Skattesatsen på det særskilte skattegrunnlaget skal være 7 promille. I medhald av eigedomsskattelova vert det gjeve fritak til stiftingar eller institusjonar som har som formål å gagna kommunen, fylket eller staten. Unnateke er kommersielle stiftingar/ institusjonar. Fritaket vil gjelda forsamlingshus, bedehus, turisthytter og liknande. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad. I medhald av eigedomsskattelova vert det gjeve fritak for bygningar som har historisk verdi med 100 prosent. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad. Det er eit krav at bygget har bevart sin opphavlege arkitektoniske stil og at det ikkje vert brukt til forretningsverksemd. I medhald av eigedomsskattelova vert det gjeve fritak for nybygde bustadeigedomar (gjeld ikkje fritidseigedomar) i 2 år, eller til kommunestyret endrar eller opphevar fritaket. Formannskapet får fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak.

Eigedomsskattesatsar i 2023

Kommunestyret vedtok 08.12.2022 satsar for eigedomsskatt i 2023.

Kommunestyret vedtok at den generelle eigedomsskattesatsen i 2023 i Samnanger kommune skal vera 7 promille. For bustader og fritidseigedomar vedtok kommunestyret at skattesatsen i 2023 skal vera 1,4 promille. Kommunestyret vedtok òg at botnfrådraget for bustader og fritidseigedomar i 2023 skal vera 30 000 kroner. 

Kommunestyret sitt vedtak om eigedomsskatt for 2023

Kommunestyrevedtak 08.12.2022 (sak 79/2022):

Det vert skrive ut eigedomsskatt på faste eigedomar i kommunen i 2023. Den generelle skattesatsen som skal gjelda for dei skattepliktige eigedomane vert sett til 7 ‰. Satsane er differensiert ved at den satsen som skal gjelda for bustader og fritidseigedomar vert sett til 1,4 ‰. Satsen for bustadar og fritidseigedomar vert med det halvert. 

For bustaddelen av eigedomen (gjeld og fritidseigedom) vert det gitt eit botnfrådrag på kr 30 000 av takstverdi. Botnfrådraget vert gitt for alle sjølvstendige bustaddelar. Botnfrådrag vert ikkje gitt når eigedomen vert nytta til næringsverksemd.

Det vert skrive ut eigedomsskatt på det særskilte skattegrunnlaget som vert redusert med 5/7 delar i 2023. Skattesatsen på det særskilte skattegrunnlaget skal være 7 promille.

I medhald av eigedomsskattelova vert det gjeve fritak til stiftingar eller institusjonar som har som formål å gagna kommunen, fylket eller staten. Unnateke er kommersielle stiftingar/ institusjonar. Fritaket vil gjelda forsamlingshus, bedehus, turisthytter og liknande. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad.

I medhald av eigedomsskattelova vert det gjeve fritak for bygningar som har historisk verdi med 100 prosent. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad. Det er eit krav at bygget har bevart sin opphavlege arkitektoniske stil og at det ikkje vert brukt til forretningsverksemd.

I medhald av eigedomsskattelova vert det gjeve fritak for nybygde bustadeigedomar (gjeld ikkje fritidseigedomar) i 2 år, eller til kommunestyret endrar eller opphevar fritaket. Formannskapet får fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak.

Kommunestyret har vedtatt å bruka formuesgrunnlag frå skatteetaten for utskriving av eigedomsskatt på bustadhus. Bustadhus og hytter utan formuesgrunnlag vert takserte. Det same gjeld næringsverksemd, tomtar mm. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen dei til ei kvar tid gjeldande skattevedtekter.

Eigedomsskattesatsar i 2022

Kommunestyret vedtok 02.12.2021 satsar for eigedomsskatt i 2022.

Kommunestyret vedtok at den generelle eigedomsskattesatsen for 2022 i Samnanger kommune skal vera 7 promille. Med heimel i § 12 i eigedomsskattelova vedtok kommunestyret at skattesatsen for bustad- og fritidseigedomar i 2022 skal vera 2,8 promille. Kommunestyret vedtok òg at botnfrådraget for bustad- og fritidseigedomar i 2022 skal vera 30 000 kroner. 

Kommunestyret sitt vedtak om eigedomsskatt for 2022

Kommunestyrevedtak 02.12.2021 (sak 126/2021): 

I medhald av eigedomsskattelova (Esktl) §§ 2 og 3 skal fylgjande utskrivingsalternativ nyttast for skatteåret 2022: Det vert skrive ut eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen jf. § 3 bokstav a. Den generelle skattesatsen som skal gjelda for dei skattepliktige eigedomane vert sett til 7 promille. I medhald av esktl § 12 bokstav a vert satsane differensiert ved at den satsen som skal gjelda for bustader og fritidseigedomar vert sett til 2,8 promille.

For bustaddelen av eigedomen (gjeld og fritidseigedom) vert det gitt eit botnfrådrag på kr 30 000 av takstverdi. Botnfrådraget vert gitt for alle sjølvstendige bustaddelar. Botnfrådrag vert ikkje gitt når eigedomen vert nytta til næringsverksemd.

Det vert skrive ut eigedomsskatt på det særskilte skattegrunnlaget som vert redusert med 4/7 delar i 2022 (overgangsregel til §§ 3 og 4 første ledd første pkt.). Skattesatsen på det særskilte skattegrunnlaget skal være 7 promille.

I medhald av esktl. § 7 bokstav a vert det gitt fritak til stiftingar eller institusjonar som har som formål å gagna kommunen, fylket eller staten. Unnateke er kommersielle stiftingar/institusjonar. Fritaket vil gjelda forsamlingshus, bedehus, turisthytter og liknande. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad.

I medhald av esktl. § 7 bokstav b vert det gitt fritak for bygningar som har historisk verdi med 100 prosent. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad. Det er eit krav at bygget har bevart sin opphavlege arkitektoniske stil og at det ikkje vert brukt til forretningsverksemd.

I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav c vert det gitt fritak for nybygde bustadeigedomar (gjeld ikkje fritidseigedomar) i 2 år, eller til kommunestyret endrar eller opphevar fritaket. Formannskapet får fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak.

Kommunestyret har vedtatt å bruka formuesgrunnlag frå skatteetaten for utskriving av eigedomsskatt på bustadhus, jf. esktl. § 8C-1. Bustadhus og hytter utan formuesgrunnlag vert takserte. Det same gjeld næringsverksemd, tomtar mm. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen dei til ei kvar tid gjeldande skattevedtekter.

Eigedomsskatten skal betalast i 4 terminar.

Eigedomsskattesatsar i 2021

Kommunestyret vedtok 03.12.2020 satsar for eigedomsskatt i 2021.

Kommunestyret vedtok at den generelle eigedomsskattesatsen for 2021 i Samnanger kommune skal vera 7 promille. Med heimel i § 12 i eigedomsskattelova vedtok kommunestyret at skattesatsen for bustad- og fritidseigedomar i 2021 skal vera 2,8 promille. Kommunestyret vedtok òg at botnfrådraget for bustad- og fritidseigedomar i 2020 skal vera 30 000 kroner. 

Kommunestyret sitt vedtak om eigedomsskatt for 2021

Kommunestyrevedtak 03.12.2020: 

I medhald av eigedomsskattelova (Esktl) §§ 2 og 3 skal fylgjande utskrivingsalternativ nyttast for skatteåret 2021: Det vert skrive ut eigedomsskatt på faste eigedomar i heile kommunen jf. § 3 bokstav a. Den generelle skattesatsen som skal gjelda for dei skattepliktige eigedomane vert sett til 7 promille. I medhald av esktl § 12 bokstav a vert satsane differensiert ved at den satsen som skal gjelda for bustader og fritidseigedomar vert sett til 2,8 promille.

For bustaddelen av eigedomen (gjeld og fritidseigedom) vert det gitt eit botnfrådrag på kr 30 000 av takstverdi. Botnfrådraget vert gitt for alle sjølvstendige bustaddelar. Botnfrådrag vert ikkje gitt når eigedomen vert nytta til næringsverksemd.

Det vert skrive ut eigedomsskatt på det særskilte skattegrunnlaget som vert redusert med 3/7 delar i 2021 (overgangsregel til §§ 3 og 4 første ledd første pkt.). Skattesatsen på det særskilte skattegrunnlaget skal være 7 promille.

I medhald av esktl. § 7 bokstav a vert det gitt fritak til stiftingar eller institusjonar som har som formål å gagna kommunen, fylket eller staten. Unnateke er kommersielle stiftingar/institusjonar. Fritaket vil gjelda forsamlingshus, bedehus, turisthytter og liknande. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad.

I medhald av esktl. § 7 bokstav b vert det gitt fritak for bygningar som har historisk verdi med 100 prosent. Fritak kan og vurderast på grunnlag av søknad. Det er eit krav at bygget har bevart sin opphavlege arkitektoniske stil og at det ikkje vert brukt til forretningsverksemd.

I medhald av eigedomsskattelova § 7 bokstav c vert det gitt fritak for nybygde bustadeigedomar (gjeld ikkje fritidseigedomar) i 2 år, eller til kommunestyret endrar eller opphevar fritaket. Formannskapet får fullmakt til å avgjera einskildsaker om skattefritak.

Kommunestyret har vedtatt å bruka formuesgrunnlag frå skatteetaten for utskriving av eigedomsskatt på bustadhus, jf. esktl. § 8C-1. Bustadhus og hytter utan formuesgrunnlag vert takserte. Det same gjeld næringsverksemd, tomtar mm. Ved taksering og utskriving av eigedomsskatt nyttar kommunen dei til ei kvar tid gjeldande skattevedtekter.

Eigedomsskatten skal betalast i 4. terminar.

Klage på eigedomsskattetaksten

For eigedommar som vert takserte av kommunen (eigedommar utan formuesgrunnlag frå Skatteetaten), gjeld reglane om klage i § 19 i Lov om eigedomsskatt. Utdrag frå reglane: 

"Skattytaren kan klage på den utskrivne eigedomsskatten. Klaga må gjevast inn skriftleg til eigedomsskattekontoret innan seks veker frå det seinaste tidspunktet av den dagen det vart kunngjort at eigedomsskattelista var utlagd eller dagen skattesetelen vart sendt i samsvar med § 14. Klage over verdet kan bli fremja kvart år i samband med den årlege utskrivinga av eigedomsskatt, dersom det ikkje er klaga på same grunnlag tidlegare år."

Klagen må vera skriftleg og skal sendast til: 

 

Skjema for klage på eigedomsskattetaksten

Takseringsreglar

Takseringsreglar for Samnanger kommune 2015-2025


Sist oppdatert: 09.01.2024
Publisert: 09.12.2020