Kommunale krav

Betale rekning frå Samnanger kommune

Kva bankkonto skal du betale til?

Alle rekningar/fakturaer frå Samnanger kommune skal betalast til bankkonto: 3530.35.30000 som og står på rekninga/fakturaen. Du må oppgje aktuelt KID-nummer for å sikre rask og korrekt handsaming av innbetalinga di. 

Ved betaling frå utanlandsk bank må du bruke fylgjande bankadressekodar for å identifisere mottakar sin bank i Norge:

  • IBAN-NUMMER: NO9135303530000  
  • SWIFT/BIC-adresse: SPAVNOBB 

Kvar finn du fakturaen din?

Privatpersonar:

Me nyttar fylgjande kanalar for utsendelse, i prioritert rekkefølgje:

  1. avtalegiro
  2. eFaktura
  3. Vipps
  4. digital postkasse
  5. e-post
  6. papirfaktura

Ynsker du å endre kvar du mottek faktura?

Då kan du sjekke innstillingane i nettbanken din.

eFaktura

  • Sjekk dine aktive betalingsavtalar og innstillingar i nettbanken din
  • Ver merksam på “Ja-takk til alle”
  • “Ja-takk til alle” kan vere sett opp ulikt i bankane – sjekk banken din
  • Har du betalt rekningar for andre kan du ha oppretta betalingsavtale for dei.

Trykk her for å lese meir om eFaktura.

Vipps

Sjekk innstillingane i Vipps-appen.

Les og:

Digital postkasse

Sjekk innstillingar i den digitale postkassen

For næring/verksemder

Faktura blir som standard sendt i denne rekkefølgje:

  1. EHF
  2. e-post
  3. papirfaktura

For å få faktura på EHF må økonomisystemet ditt vere oppdatert for å få tilsendt faktura på EHF, og du må melde verksemda inn i Elma og Aksesspunkt.

Trykk her for å lese meir om Elma og Aksesspunkt

Har du spørsmål om betaling av faktura?

Ta kontakt med økonomikontoret

Har du spørsmål om innhaldet i fakturaen?

Ta kontakt med fagavdelinga som tenesta gjeld.

  • Spørsmål om vatn-, avløp- slamgebyr og feiing: Ring servicesenteret på tlf 56 58 74 00 og be om å få snakke med teknisk forvaltning. 
  • Spørsmål om barnehagefaktura: Ta kontakt med barnehagen til barnet ditt
  • Spørsmål om skulefritidsordning: Ta kontakt med Samnanger barneskule på tlf 56 58 99 87.
  • Spørsmål om praktisk bistand: Ring pleie- og omsorgseininga på tlf 56 58 98 50.
  • Spørsmål om faktura eller gebyr for andre tenester: Kontakt Samnanger kommune, servicesenteret tlf 56 58 74 00
Fleksibel fakturering av kommunale avgifter og eigedomsskatt

Samnanger kommune har tilbod om fleksibel fakturering av kommunale avgifter og eigedomsskatt.

Tilbodet gjeld i hovudsak kundar som har e-faktura, helst i kombinasjon med avtalegiro.

Kundane kan velje mellom å få faktura fire gongar i året, månadleg eller årleg med forfall 20.02.

Ta kontakt med økonomikontoret på e-post kommunekassen@samnanger.kommune.no dersom du er interessert i å endre til månadleg eller årleg faktura. Me treng informasjon om namn på fakturamottakar og kva gards- og bruksnummer det gjeld.

Du treng ikkje ta kontakt dersom du framleis ynskjer å få fire fakturaer i året.

Alle gebyr vert frå 3. kvartal 2022 fakturert med lik sum på kvar faktura. 3. kvartal 2022 vert overgangsperioden og feie- og tilsynsgebyr vil då bli fakturert med ¾-delar av årsgebyret. Det same gjeld slamavskiljar for fritidsbustad.

Har du vanskar med å betale kommunale rekningar?

Hovudregelen er at kommunale krav skal betalast innan forfallsdato.

Dersom du ikkje betaler ved forfall, kan det påløpe forseinkingsrenter og gebyr. Krav som ikkje vert betalt, vil bli sendt til innkrevjing og utleggstrekk (trekk i lønn) og/ eller utleggspant vil bli vurdert. Dette vil gje betalingsmerknad. For krav som gjeld eigedomsskatt og kommunale avgifter har kommunen legalpant. Dette betyr mellom anna at eigedomen kan bli tvangsseld. 

Har du problem med å betale i tide, er det viktig at du tek kontakt med økonomikontoret før forfall. Me vil då forsøke å finna ei løysing som gjer at kravet vert betalt innan rimeleg tid. Vilkår for betalingsavtala er at inngått avtale vert fulgt og at avdrag vert betalt som avtalt. Det er og eit vilkår at evt. tidlegare inngåtte avtaler ikkje er mislegholdt. 

Treng du hjelp?

Har du stor gjeld til andre i tillegg til kommunen? Samnanger kommune v/ NAV kan tilby økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving.    


Sist oppdatert: 27.07.2022
Publisert: 04.02.2021