Etablerarprøven

Kven kan ta prøven?

Alle som ønskjer det kan ta etablerarprøven. Den som skal vera dagleg leiar på ein serveringsstad må ha bestått etablerarprøva, og ha fylt 18 år. 

Kva er pensum?

Boka "Læremateriell - Etablererprøven for serveringsvirksomheter" er pensum.
På vinn.no kan du kjøpe alt du treng av læremateriell: pensumhefte, nettkurs og «test deg sjølv».

Kva kostar det?

Det kostar 400 kroner. 

Kor tar du prøven?

Ta kontakt med Sals- og skjenkekontrollen i Kvam for å avtale tid og stad for gjennomføring av prøva.

Sjå Kvam herad si heimeside for kontaktinformasjon. 

Gjennomføring av prøven

  • Ta med gyldig legitimasjon for registrering og kontroll. Me godtar pass, førarkort eller bankkort med bilde.
  • Prøven er ein fleirvalsprøve på 90 minutt. Du må svare riktig på 40 av 50 spørsmål for å bestå.
  • Prøven er på norsk. Det er ikkje mogleg å ha med tolk eller bruke ordbok. Det er tillatt å bruke lovsamling. Dette har me til utlån. 

Tilrettelegging ved spesielle behov

  • Dyslektikarar kan avleggja etablerarprøven munnleg. 
  • Er du svaksynt, har lammelsar, har nedsett hørsel eller andre utfordringar tilrettelegg me så langt det let seg gjera. Dette må du i så fall avtale på førehand ved å sende ein e-post til bjodag@kvam.kommune.no.

Kor mange gongar kan du ta prøven?

Du kan ta prøven heilt til du består. Det kostar 400 kroner kvar gong. 

Utsteding av prøvebevis

Alle som består etablerarprøven får eit prøvebevis som det er viktig å ta vare på. Dette er dokumentasjon på at du har naudsynt kunnskap om serveringslova. Beviset er gyldig på ubestemt tid.


Sist oppdatert: 12.11.2021
Publisert: 01.08.2018