Kunnskapsprøvane

Kven kan ta kunnskapsprøvane?

Alle som ønskjer kan ta kunnskapsprøvane.

Den som skal vera styrar eller stedfortredar på ein stad med sals- eller skjenkeløyve må ha bestått kunnskapsprøven, og må ha fylt 20 år. 

Kva er pensum?

Pensum for skjenkebevilling: 

  • alkoholloven kapittel 1, 4, 5, 7, 8 og 9
  • alkoholforskrifta kapittel 1, 2, 4, 5, 6, 8, 9, 10, 11, og 14
  • du skal også ha kjennskap til alkohollovas øvrige bestemmingar

Pensum for salsbevilling: 

  • alkoholloven kapittel 1, 3, 7, 8 og 9
  • alkoholforskrifta kapittel 1, 2, 3, 5, 6, 8, 9, 10, 11 og 14
  • du skal også ha kjennskap til alkoholloven sine øvrige bestemmingar

Læremateriell (pensumhefte, nettkurs og test-deg-sjølv) kan du kjøpe på www.vinn.no

Alle lovar og forskrifter finn du på www.lovdata.no.

Kva kostar det? 

Det kostar 400 kroner.

Kor tar du prøvane?

Ta kontakt med Sals- og skjenkekontrollen i Kvam for å avtale tid og stad for gjennomføring av prøva.

Sjå Kvam herad si heimeside for kontaktinformasjon. 

 

Gjennomføring av prøvane

  • Ta med legitimasjon for registrering og kontroll. Vi godtar pass, førarkort eller bankkort med bilde som gyldig legitimasjon.
  • Det kostar 400 kroner.
  • Prøven er ein fleirvalsprøve på 60 minutt. Du må svare riktig på 24 av 30 spørsmål for å bestå.
  • Prøven er på norsk. Det er lov å ta med ordbok.
  • Du kan ta prøven på nytt heilt til du klarar det. Det kostar 400 kroner kvar gong.

Tilrettelegging ved spesielle behov

  • Har du dysleksi, kan du ta kunnskapsprøven munnleg (du må ha legeattest).
  • Har du andre utfordringar legg vi til rette så godt vi kan. Dette må avtalast på førehand.

Kor mange gongar kan ein ta prøven? 

Du kan ta prøven heilt til du består. Det kostar 400 kroner kvar gong. 

Utsending av prøvebevis?

Alle som klarar kunnskapsprøven får eit prøvebevis. Det er det viktig å ta vare på beviset. Det er dokumentasjon på at du har nødvendig kunnskap om alkohollovgivinga. Beviset er gyldig på ubestemt tid.


Sist oppdatert: 22.07.2022
Publisert: 01.08.2018