Omsetjingsoppgåve og bevillingsgebyr

Storleiken på gebyret heng saman med kor mykje alkohol som vert seld/ skjenka. Opplysningar om alkoholsalet/ skjenkinga skal opplysast om i omsetjingsoppgåva.
 
Kommunen sender 1.kvartal kvart år ut skjema til alle som har kommunale sals- og/eller skjenkeløvye. 
 

Satsane for bevillingsgebyret finn du i alkoholforskrifta §6-2.


Bevillingshavarar som har fleire bevillingar må sende inn omsetjingsoppgåve for kvar enkelt sals- eller skjenkestad. 

Ny verksemd

  • Dersom sals- eller skjenkestaden har ny bevilling med drift frå dette året skal du melde forventa omsetjing.
  • Omsetjingsoppgåva skal vera stadfesta av revisor eller lagt ved leverandørlister.

Opphør eller sal av verksemda

  • Bevillingsgebyret gjeld heilt til bevillinga blir sagt opp.
  • Dersom sals- eller skjenkestaden blir løyst opp eller blir seld, skal omsetjingsoppgåva sendas inn så snart endelege omsetjingstal er klare.

Drift på tidlegare eigars bevilling

  • Dersom du har teke over ein stad med sals- eller skjenkebevilling, må du senda oss omsettingsoppgåva innan 14 dagar etter at du har sendt søknad om ny bevilling.

Sist oppdatert: 15.02.2021
Publisert: 20.10.2020