Salsløyve for alkohol

Salsløyve gjeld for drikke med inntil 4,7 volumprosent alkohol. Løyvet gjeld for maksimum fire år om gongen.

Bensinstasjonar, storkioskar og kioskar kan ikkje få salsløyve.


Slik søkjer du 

For å få tilsendt søknadsskjema, ta kontakt med servicesenteret. 

  • Postadresse: Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse
  • eDialog: sikker løysing for digital sending av dokument til kommunen

 

Før du søkjer, leit fram og gjer klar følgjande vedlegg:

  • Planteikningar som visar arealet og funksjonane i lokalet.
  • Stadfesta dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar har bestått kunnskapsprøven.
  • Firmaattest frå Brønnøysundregisteret. Gjeld for deg som søkjer løyvet. Attesten må ikkje vere eldre enn 2 månader.
  • Skatteattest. Gjeld for deg som søkjer løyvet.
  • Dokumentasjon på at styrar og avløysar for styrar er tilsett ved skjenke- eller salsstaden.
  • Bruksløyve frå bygningsmyndigheitene.
  • Utskrift av aksjeeigarbok med alle involverte aksjonærar. Eigarforholda må vere stadfesta av revisor.

Når får du svar på søknaden?

Vi behandlar søknaden din innan fire månader frå du har sendt alle nødvendige opplysningar og dokument.

Alle søknadar om salsløyve skal først til behandling kommunestyret.  Lurar du på når kommunestyret skal ha sitt neste møte? Trykk her for å gå til politisk møtekalender.

Krav til søkjar

Vi gir løyvet til personen eller selskapet som har det økonomiske ansvaret for drifta av butikken eller utsalet.

  • I søknaden må du gje opplysningar om staden, eigarforhold og kven som skal vere styrar og avløysar.
  • Vi må ha dokumentasjon frå brannvesenet på kor mange personar du maksimalt har lov til å ha i lokalet ditt.
  • Styrar og avløysar for styrar må vere over 20 år.
  • Søknaden må innehalde opplysningar om at verksemda vil bli registrert i manntalet for meirverdiavgift så snart du får registreringsplikt.
  • Du må dokumentere at alle tilsette er registrert i arbeidstakarregisteret, at dei har lovlege arbeidskontraktar og at det er teikna yrkesskadeforsikring for alle tilsette.
  • Eigenerklæring der det går fram at du som søkjer har tilgang til lokala der du skal drive (leigeavtale).
  • Dokumentasjon på at kravet om internkontroll er oppfylt.
  • Dokumentasjon på at du før oppstart har fått alle nødvendige løyver frå Mattilsynet.

Klage på vedtak

Er du ikkje nøgd med vedtaket, kan du klage innan tre veker frå du fekk vedtaket frå kommunen. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vi bør endre vedtaket. Har du behov for rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom vi i kommunen står ved avgjerda vår, sender vi saka vidare til Statsforvaltaren som tar ei endeleg avgjerd.

Statsforvaltaren behandlar saka di så raskt som mogleg. Dersom det tar meir enn ein månad før du kan få svar, tar dei kontakt med deg. Dei tar også kontakt dersom dei manglar informasjon i klagen din.

Klagen sender du til:

  • Postadresse: Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse
  • E-postadresse: post@samnanger.kommune.no
  • eDialog: sikker løysing for digital sending av dokument til kommunen

Kva seier lova?


Sist oppdatert: 22.07.2022
Publisert: 01.08.2018