HeimKommunale krav, næring og landbrukTilskotsordningar i landbruket

Tilskotsordningar i landbruket

Søkje produksjonstilskot

Du kan søkje om produksjonstilskot dersom du driv med jordbruk.

Du kan få tilskot til drift av:

  • jordbruksareal
  • grønt- og potetproduksjon
  • husdyrhald

Tilskotet blir gitt etter satsar og soner som blir fastsette i eller i medhald av jordbruksoppgjeret. Formålet med produksjonstilskot er å bidra til eit aktivt og berekraftig jordbruk.

Slik søkjer du

Trykk her for informasjon om korleis du søkjer.

Søknaden sender du via Altinn.

Nye søkjarar blir oppmoda om å kontakte kommunen i god tid før søknadsfristen. Dette er for å sikre seg at landbrukseigedommen er registrert i Landbruksregisteret.

Søknadsfristar

  • 15. mars
  • 15. oktober

Kven kan få tilskot?

Landbruksføretaket ditt må drive vanleg jordbruksproduksjon og vere registrert i Einingsregisteret. Føretaket må vere registrert som meirverdiavgiftspliktig og levere årsoppgåve som landbruksføretak.

Føretak som berre søkjer tilskott til birøkt, er unnateke kravet om å drive vanleg jordbruksproduksjon. Det er elles avgrensingar knytte til driftsfellesskap og eigarforhold.

Klage på vedtak

Du kan klage på det endelege vedtaket innan tre veker frå du tok imot det. Dette gjeld sjølv om du har fått melding om vedtaket frå Landbruksdirektoratet. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Dersom kommunen lar vedtaket stå, sender me saka vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kva seier lova?

Søkje avløysarordning i jordbruket

Avløysarordninga er ein del av velferdsgodene i landbruket. Du kan søkje om tilskot til avløysing ved mellom anna:

  • ferieavvikling
  • sjukdom
  • svangerskap/fødsel/adopsjon
  • følgje av sjukt barn til behandling
  • dødsfall i nær familie

Tilskotet skal dekkje utgifter til lønn, feriepengar, arbeidsgivaravgift og avgiftspliktig køyregodtgjersle til avløysaren.

Slik søkjer du

Du fyller ut søknadsskjemaet frå Landbruksdirektoratet.

Trykk her for informasjon om korleis du søkjer.

Søknaden sender du via Altinn. 

Søknadsfristar

  • 15. mars
  • 15. oktober

Kven kan søkje?

Landbruksføretak

Vilkår

Avløysaren må vere minst 15 år og kan ikkje ha inntekt frå gardsbruket eller vere ektemake/sambuar til ein som har inntekt frå gardsbruket.

Føretaket driv vanleg jordbruksproduksjon, er registrert i Einingsregisteret, er registrert som meirverdiavgiftspliktig og kan levere årsoppgåve som landbruksføretak.

Kva skjer vidare?

Kommunen skal hente inn dei opplysningane som er nødvendige for å gjere eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom du kan bli misnøgd med vedtaket.

Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få den ved å kontakte kommunen før klagefristen for vedtaket går ut. 

Kommunen vil handsame saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg informasjon om årsaka til det, med opplysningar om når me ventar at vedtaket vil bli gjort.

Klage på vedtak

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du mottok vedtaket. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Står kommunen fast på avgjerda, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kva seier lova?

Forskrift om produksjonstilskudd og avløsertilskudd i jordbruket
Forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom mv.

Søkje spesielle miljøtiltak i jordbruket (SMIL)

Du kan søkje kommunen om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket. Formålet er å fremje natur- og kulturminneverdiane i kulturlandskapet i jordbruket og redusere forureininga ut over det ein kan vente gjennom vanleg jordbruksdrift. 

Slik søkjer du

Trykk her for informasjon om korleis du søkjer.

Søknadsfrist

Søknadsfrist er 1. april.

Kven kan søkje?

Føretak eller privatpersonar som driv eller eig ein landbrukseigedom.

Krav til søkjar

Det kan gjevast tilskot til gjennomføring av tiltak som tar vare på natur- og kulturminneverdiar i kulturlandskapet.

Det kan òg gjevast tilskot til gjennomføring av tiltak som bidrar til å redusere forureining eller risiko for forureining frå jordbruket.

Kva skjer vidare?

Kommunen avgjer søknaden om tilskot og prioriterer søknader som ligg innanfor tiltaksstrategien til kommunen.

Har du fått innvilga tilskot, blir det utbetalt etter skriftleg oppmoding frå deg og når tiltaket har fått godkjent sluttrekneskapen. Du kan få utbetalt forskot på bakgrunn av godkjend dokumentasjon etter kvart som delar av tiltaket er utført.

Kommunen vil handsame saka så snart som råd. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg tilbakemelding frå kommunen om årsaka til det, med opplysningar om når me ventar at vedtaket vil bli gjort.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket innan tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen sender du til kommunen. I klagen skal du føre opp kva du ønskjer å endre i vedtaket, og grunngi det. Du kan be om rettleiing frå kommunen. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. Står kommunen fast på avgjerda, blir saka send vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal bli teken til følgje.

Kva seier lova?

Forskrift om tilskot til spesielle miljøtiltak i jordbruket

Søkje tilskot til drenering

Formålet med drenering er å auke kvaliteten på tidlegare grøfta jordbruksjord, til fordel for både avlingar og miljø. For planerte areal kan det frå 2016 òg bli gitt tilskott til areal som ikkje er grøfta tidlegare.

God drenering eller grøfting er viktig for å få gode avlingar. Store delar av den dyrka jorda i Noreg har for dårleg drenering. Det gir dårlege veksttilhøve for plantene og ofte vanskelege innhaustingsforhold. Resultatet er mindre avlingar med dårlegare kvalitet. Dårleg drenert jord gir òg større risiko for tap av jord og næringsstoff til vatn og utslepp av klimagassar til luft.

Det vert ikkje gitt tilskot dersom tiltaket fører til

  • monaleg skade for annan eigedom og naturmangfald
  • stor fare for flaum og vassureining
  • fare for skade på automatisk freda kulturminne

Det vert heller ikkje gitt tilskot dersom du allereie har starta på tiltaket før du har søkt om og fått innvilga tilskotet.

Slik søkjer du

Trykk her for informasjon om korleis du søkjer.

Søknaden sender du via Altinn.

Kven kan søkje?

Målgruppa er eigar av eller føretak som leiger jordbruksareal med behov for ny drenering.

Klage på vedtak

Kommunen gjer vedtak om søknaden. Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med, og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du ta kontakt med kommunen. 

Utbetaling av innvilga tilskot

Du får utbetalet tilskotet etter at du har dokumentert at tiltaket er gjennomført. Du må gjennomføre tiltaket innan tre år frå då søknaden vart innvilga.

Søkje erstatning for husdyr som er drepne eller skadde av rovvilt

Du kan få erstatning når husdyr er drepne eller skadde av rovvilt. Det er naturmangfaldslova som regulerer dette.

Statens naturoppsyn skal undersøkje daude eller skadde dyr. I dei tilfella der dyr er forsvunne på beite og ein ikkje kan finne kadaveret for å slå fast dødsårsaka, kan Statsforvaltaren likevel erstatte tapet dersom Statsforvaltaren meiner at det er svært sannsynleg at rovvilt står bak tapet.

Husdyr vil mellom anna seie sau, geit, storfe.
Rovvilt vil seie gaupe, jerv, ulv, bjørn og kongeørn.

Slik søkjer du

Sjå informasjon på Miljødirektoratet sine nettsider.

Kven kan søkje?

Husdyreigarar.

Kva seier lova?

 


Sist oppdatert: 10.04.2024
Publisert: 02.08.2018