HeimKoronaAnbefalingar for covid-19 som gjeld no

Anbefalingar for covid-19 som gjeld no

Regjeringa oppheva tysdag 5. april rådet om å halde seg heime 4 døgn etter koronasmitte (sjå Langsiktig strategi for å normalisere kvardagen på regjeringa.no).


Oppdaterte anbefalingar

Anbefalingane om covid-19 som no gjeld er:

  • Hald deg heime viss du føler deg sjuk, og unngå kontakt med personar som har risiko for å bli alvorleg sjuke dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom.
  • Du treng ikkje halde deg heime i 4 døgn.
  • Kontakt lege viss du har behov for helsehjelp.
  • Du treng ikkje testa deg med sjølvtest. Viss du likevel har fått ein positiv test, gjeld dei same råda om å halde deg heime viss du føler deg sjuk.
  • Du treng heller ikkje registrere positive sjølvtestar hos kommunen.
  • Det gjeld eigne anbefalingar for dei som har auka risiko for å bli alvorleg sjuke med covid-19 på Råd og informasjon til risikogrupper og pårørande (fhi.no).

Sjå meir om kva du gjer ved Nyoppståtte luftvegssymptom (fhi.no).


Sjølvtestar vil framleis vere tilgjengelege

I ein overgangsperiode vil det vere tilgjengelege sjølvtestar i kommunane for dei i befolkninga som likevel ønsker å testa seg. Råda ved positiv og negativ test er dei same; hold deg heime viss du føler deg sjuk.


Drift av teststasjonar fortset

Kommunen vil framleis drifte teststasjonar ei stund til, mellom anna med omsyn til testing for dokumentasjon av gjennomgått sjukdom eller negativ test for koronasertifikat. Slik testing skjer som hovudregel ikkje hos fastlegen eller på legevakta.


Grunngiving for oppheving av tiltaka

Omikronvarianten gir mindre alvorleg sjukdom enn tidlegare variantar av viruset, og svært mange er no vaksinerte eller har hatt korona. Det gjer at dei fleste no er godt verna mot alvorleg sjukdom.

Vinterbølgja av covid-19 ser ut til å vere på retur i Noreg. Det er ikkje lenger nødvendig å avgrense smitten på same måte som tidlegare. Det er no tilstrekkeleg at folk held seg heime når dei føler seg sjuke.


Sist oppdatert: 21.04.2022
Publisert: 21.04.2022