Koronavaksine
Informasjon om arbeidet med vaksinasjon mot covid-19 i Samnanger vert løpande oppdatert på denne sida.
Elektronisk (digital) registrering for koronavaksine
NB! Du må ha BankID for å nytta tenesta.
(Når du klikkar på "Registrer deg her" kjem du inn på ei innloggingsside. På innloggingssida kan du velja språk ved å klikka på "globusen" i øvste høgre hjørne. Trykk her for kopi av skjermbilde frå innloggingssida.)
(Informasjon oppdatert 15.04.2021):
Vaksinetype
Det er framleis førebels stans i vaksniering med vaksine frå AstraZeneca. Folkehelseinstituttet vil seinar koma med melding om kva me skal gjera når dei som har fått vaksinen frå AstraZeneca skal ha dose to (12 veker etter dose èin).
Inntil vidare vil berre vaksinen frå PfizerBioNTech verte nytta i Samnanger. For tida vaksinerer me i hovudsak i gruppa frå 65 til 74 år.
Kven skal registrera seg for koronavaksine?
Me ber no om at personar i følgjande grupper som ikkje allereie har registrert seg, gjer det:
- Alle som er 65 år og eldre
- Personar 18 - 64 år som har særleg høg risiko:
- Organtransplantasjon
- Immunsvikt
- Hematologisk kreftsjukdom siste fem år
- Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (spesielt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift)
- Nevrologiske sjukdomar eller muskelsjukdomar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (for eksempel Downs syndrom og ALS)
- Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon
- Personar 54-64 år med underliggjande sjukdom/tilstand:
- Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
- Immundempande behandling ved autoimmune sjukdommar
- Diabetes
- Kronisk lungesjukdom (anna enn velregulert astma)
- Fedme med KMI over eller lik 35
- Demens
- Kronisk hjarte- og karsjukdommar (med untak av høgt blodtrykk)
- Hjerneslag
Om du er i tvil om du tilhøyrer denne gruppa tek du kontakt med fastlegen din.
Me ber også om at følgjande nye gruppe registrer seg no:
- Alle som er mellom 60 og 64 år.
Meir informasjon om elektronisk registrering
Det er viktig at flest mogeleg nyttar elektronisk registering. Me tilrår at du registrerer deg sjølv om du ikkje ønskjer vaksine. Få gjerne nokon til å hjelpa deg dersom det trengs.
Dersom du ikkje kan nytta elektronisk registering, ring kommunen sin vaksinetelefon på tlf. 489 97 002. Vaksinetelefonen er open måndag og tysdag kl. 09.00 - 14.00, men ver førebudd på ventetid på denne telefonlinja. Ikkje bruk koronatelefonen til spørsmål som gjeld vaksinering.
Ventetid på vaksinering
Ein må rekne med at det kan ta opptil fleire veker frå registrering til ein får tildelt time. Tildeling skjer i samsvar med nasjonal prioriteringsplan og føregår så rettferdig som det er mogleg å få til.
Me understreker at dette ikkje er timebestilling, men registrering av dei som ynskjer koronavaksinen, og ved å registrere deg blir du sett i ein vaksinekø. Når du har fått tildelt time vil du få ei timebekrefting på SMS.
Koronavaksinasjon er gratis og det er kommunen si plikt å tilby deg vaksinering.
Andre aldersgrupper enn dei som er nemnde over kan venta med å registrera seg. Følg med i lokalavisa Samningen og her på kommunen si heimeside.
Vaksineringsstad
Vaksineringsstad er Storstova på Samnangerheimen.
Status for vaksinering i Samnanger
Trykk her for status
Antal vaksinedosar satt i Samnanger pr. slutten av veke 15/2021 er 741.
Dose 1 | Dose 2 | |
Veke 1 | 14 | 0 |
Veke 2 | 13 | 0 |
Veke 3 | 6 | 0 |
Veke 4 | 19 | 14 |
Veke 5 | 34 | 13 |
Veke 6 | 42 | 6 |
Veke 7 | 31 | 17 |
Veke 8 | 7 | 35 |
Veke 9 | 6 | 43 |
Veke 10 | 4 | 31 |
Veke 11 | 37 | 5 |
Veke 12 | 39 | 8 |
Veke 13 | 38 | 4 |
Veke 14 | 84 | 0 |
Veke 15 | 99 | 0 |
Totalt | 473 | 176 |
Dose 1 | Dose 2 | |
Veke 9 | 43 | 0 |
Veke 10 | 49 | 0 |
Totalt | 92 | 0 |
Dose 1 | Dose 2 | |
Sum totalt | 565 | 176 |
Prioriteringrekkefølgje for vaksinering
Trykk her for informasjon om prioriteringsrekkefølge
Prioriteringsrekkefølgje:
- Bebuarar i sjukeheim og utvalde helsepersonellgrupper
- Alder 85 år og eldre og utvalde helsepersonellgrupper
- Alder 75-84 år
- Alder 65-74 år + enkelte personar 18-64 år med særleg høg risiko
- Alder 55-64 år med underliggjande sjukdom/tilstand
- Alder 45-54 år med underliggjnde sjukdom/tilstand
- Alder 18-44 år med underliggjande sjukdom/tilstand
- Alder 55-64 år
- Alder 45-54 år
Personar i gruppa 18-64 år med særleg høg risiko gjeld dei med følgjande diagnoser:
- Organtransplantasjon
- Immunsvikt
- Hematologisk kreftsjukdom siste fem år
- Annan aktiv kreftsjukdom, pågåande eller nyleg avslutta behandling mot kreft (særskilt immundempande behandling, strålebehandling mot lungene eller cellegift
- Nevrologiske sjukdommar eller muskelsjukdommar som medfører nedsett hostekraft eller lungefunksjon (for eksempel Downs syndrom og ALS).
- Kronisk nyresjukdom eller betydeleg nedsett nyrefunksjon
Personar med underliggjande sjukdom/tilstand:
- Kronisk leversjukdom eller betydeleg nedsett leverfunksjon
- Immundempande behandling ved autoimmune sjukdommar
- Diabetes
- Kronisk lungesjukdom (anna enn velregulert astma)
- Fedme med KMI over eller lik 35
- Demens
- Kronisk hjarte- og karsjukdommar (med untak av høgt blodtrykk)
- Hjerneslag
Anna alvorleg og/eller kronisk sjukdom som ikkje er nemnd i lista over kan også gje auka risiko for alvorleg sjukdom og død av covid-19. Dette skal vurderast av pasienten sin fastlege.