HeimKoronaKoronatest og koronatelefonen

Koronatest og koronatelefonen

Testing ved innreise frå andre kommunar med høgt smittetrykk

Samnanger kommune fylgjer nasjonale reglar og oppfordrar til å redusera sosial kontakt og unngå reiser som ikkje er heilt nødvendige. Dersom du har vore i område med høgt smittetrykk dei siste 10 dagane er det viktig at du testar deg for covid-19.

Me oppfordrar særleg sterkt alle som har vore i område med spreiing av mutert virus dei siste 10 dagane om å testa seg og også gå i karantene i påvente av prøvesvar.

Du bør også testa deg om du har vore i nærkontakt med personar frå område med mutert virus.

Ved å gjera dette bidreg du til å forhindra smitteutbrot i Samnanger.

Tilreisande frå utlandet må ta obligatorisk koronatest ved landegrensa dersom ein kjem frå eit område med karanteneplikt.

FHI-plakat om testing for covid-19
  • Dersom du har symptom på luftvegsinfeksjon skal du halda deg heime til du er symptomfri.
  • Mens du er heime må du vera nøye med hand- og hostehygiene for å unngå å smitta andre i husstanden. 

Lurer du på om symptoma kan skuldast covid-19, forkjøling, influensa eller allergi? Les meir på Folkehelseinstituttet si nettside.


Kva tid bør du halde deg heime?

Har barnet fått vondt i halsen, og du lurer på om barnet burde vera heime frå barnehage/skule? Her finn du ei oversikt over kva tid barnet bør vera heime.

På Folkehelseinstituttet sine sider finn du meir informasjon om barn og smitte.

Folkehelseinstituttet har også laga ei god oversikt over når ungdom og vaksne bør vere heime frå skule/arbeid. 

Synes du det er vanskeleg å vita om du bør testa deg for korona? Då kan tenesta til Helsenorge "Koronasjekk" vera nyttig.

Trykk her for å prøva Koronasjekk.


Desse personane testar me

Trykk her for å sjå oppdatert informasjon frå Folkehelseinstituttet om kven som til ei kvar tid skal testast.


Slik går du fram for å testa deg i Samnanger

Alle som skal testast må ha avtalt time på førehand. Time bestiller du ved å ringja kommunen sin koronatelefon:

Koronatelefonen i Samnanger
Telefonnummer: 96626968
Opningstid: Kvardagar kl. 09.00 - 14.00.
 

Har du symptom på luftvegsinfeksjon og treng legehjelp? Ring først og avtal time med fastlege eller legevakt.


Slik testar me

Testinga vert normalt gjort ved Samnanger helsetun på Haga Sjå i kart

Sjølve prøvetakinga er fort gjort. Koronatesten er ein pinne med ein bomullsdott i enden. Denne skal førast inn i svelg/nase.

Prøven blir sendt til Haukeland Universitetssjukehus for analyse. Det tar nokre dagar å analysera prøven.

Logg deg inn på Helsenorge.no og finn prøvesvaret.

Ikkje ring koronatelefonen om du berre ventar på prøvesvar!

Dersom du har blitt testa for covid-19 vil du finne resultatet av prøven på sida Min helse på Helsenorge.

Ved positivt prøvesvar ringer me også til deg. 

Det tar tid å få svar på prøvane, fordi det er mange som blir testa.

Me ber om at du er tolmodig!  


Er du i, eller lurer du på om du bør vere i karantene?

Sjå råda frå Folkehelseinstituttet for heimekarantene


Smittevernråd for reiser

Sjå råda frå Folkehelseinstituttet om smittevern ved reiser.


Har du spørsmål om koronaviruset?

Meir informasjon om koronaviruset finn du på helsenorge.no. 


Koronatelefonen

Det er oppretta eit eige telefonnummer til legekontoret i Samnanger for personar som mistenker koronasmitte:

Koronatelefonen i Samnanger
Telefonnummer: 96626968
Opningstid: Kvardagar kl. 09.00 - 14.00.
 

Om du treng veiledning eller hjelp vedr. koronasmitte utanom koronatelefonen si opningstid, ring Samnanger legekontor på tlf. 56589100 eller legevakta på tlf. 116117. Her vil du få hjelp, og ved behov også bli sett i kontakt med kommunen sitt smittevernpersonell.

For generelle spørsmål om koronavirusutbrotet: benytt nasjonal informasjonstelefon: 81555015. 

Hald deg oppdatert

Samnanger kommune følgjer råd frå nasjonale helsestyresmakter. Me endrar rutinane og tiltaka våre når det kjem nye råd. Difor er det viktig at du held deg oppdatert.

Følg med her på nettsida til kommunen, samt på www.helsenorge.no og www.fhi.no for siste nytt.


Sist oppdatert: 21.04.2021
Publisert: 20.10.2020