HeimKoronaSmittesituasjonen i Samnanger

Smittesituasjonen i Samnanger

Informasjon publisert 22.07.2021

Under pandemien er det pr. 22.07.2021 påvist positiv koronatest hos 14 personar  som har opphaldsadresse i Samnanger. 

Når smitte vert påvist vert det starta smittesporing umiddelbart og alle aktuelle personar vert sett i karantene og ventekarantene.

Institusjonar, verksemder, arbeidsplassar, arrangement etc i Samnanger som er berørt vert informert.

Informasjon vert lagt ut på kommunen si heimeside så snart me har avklart situasjonen.

Informasjon publisert 20.07.2021

Trykk her for nyheitssak om nytt smittetilfelle i Samnanger 20.07.2021. 

Informasjon publisert 27.05.2021

Trykk her for nyheitssak om nytt smittetilfelle i Samnanger 27.05.2021. 

Informasjon publisert 06.05.2021

Trykk her for nyheitssak om nytt smittetilfelle i Samnanger 06.05.2021. 

Informasjon publisert 03.05.2021

Trykk her for informasjon om smittestatus pr. 03.05.2021

Informasjon frå kommuneoverlegen 03.05.2021:

Siste smittetilfelle i Samnanger vart oppdaga den 26.04.2021. Sjå forrige oppdatering. Det har ikke vorte oppdaga nye smittetilfelle i Samnanger etter dette.

FHI (Folkehelseinstituttet) og andre oppslagsstader opererer med eit nytt smittetilfelle i Samnanger etter 26.04.2021. Dette gjeld ein person som er folkeregistrert i Samnanger, men som ikkje bur her.

Smittetala frå FHI og andre oppslagsstader vil på grunn av dette og eit anna tilsvarande tilfelle vera høgare enn dei tala Samnanger kommune opererer med.

Det korrekte talet for antal smitta i Samnanger så langt i pandemien er difor 11. Dette talet gjeld altså smitta personar som bur eller mellombels oppheld seg i Samnanger på smittetidspunktet. 

Informasjon publisert 26.04.2021

Trykk her for nyheitssak om nytt smittetilfelle i Samnanger.

Informasjon publisert 12.04.2021

Trykk her for nyheitssak om nytt smittetilfelle i Samnanger.

Informasjon publisert 23.03.2021

Trykk her for nyheitssak om nytt smittetilfelle i Samnanger.

For tida har me inga lokal eller regional forskrift, men følgjer dei nasjonale smitteverntiltaka.  

Informasjon publisert 27.02.2021

Det er pr. 27.02.2021 ikkje påvist noko smitte i Samnanger. 

For tida har me inga lokal eller regional forskrift, men følgjer dei nasjonale smitteverntiltaka

Informasjon publisert 16.02.2021

Det er pr. 16.02.2021 ikkje påvist nye smitta i Samnanger dei siste vekene. 

Bergen og Hardangerregionen opplever framleis ein uoversiktleg smittesituasjon. Derfor har regjeringa vidareført forsterka smitteverntiltak for mellom anna Samnanger, førebels til og med søndag 21.02.2021. 

Informasjon frå andre kjelder

Både Folkehelseinstituttet (FHI) og avisa VG har på nettsidene sine oversikter over covid-19-smittestatus i Noreg. Der kan ein også finna tal for registert smitta personar i kvar kommune. 

Oversikt på FHI sine nettsider

Oversikt på VG sine nettsider


Sist oppdatert: 22.07.2021
Publisert: 28.12.2020