HeimKoronaSmittevernreglar for Samnanger

Smittevernreglar for Samnanger

Nasjonale råd og reglar  -  regjeringen.no

For detaljar om påbod, sjå covid-19-forskrifta i Lovdata

Smittevernreglar og anbefalingar for Samnanger 

Hald ein meters avstand til andre  -  anbefaling

Anbefalinga gjeld ikkje husstandsmedlemmer og tilsvarande nære, eller barn i barnehagar og barneskular. Det er også unntak for vaksne som arbeider med tenester for barn og unge og sårbare grupper. 

Bruk av munnbind  -  påbod

Når det er fare for at det ikkje er mogleg å halda minst ein meters avstand, ut over kortvarige passeringar, til andre enn husstandsmedlemmer, skal det brukast munnbind på alle innandørs offentlege stader, innandørs offentlege arrrangement, på kollektivtransport og i taxi. Påbodet gjeld også for tilsette med mindre det er teke i bruk fysiske barrierar. 

Med offentleg stad meinast ein stad som er bestemt for alminneleg ferdsel eller stad der slik ferdsel reint faktisk finn stad. At området er privat eigd, og eigaren kanskje heller ikkje ønskjer ferdsel, er ikkje avgjerande viss slik ferdsel reint faktisk finn stad.

På stader med servering gjeld påbod om munnbind når ein beveger seg fram til angitt bord og elles når ein skal bevege seg i lokalet.

Det er også nasjonalt krav om munnbind i kontakt med helse- og omsorgstenester, samt hos frisørar, hudpleiarar og andre ein-til-ein-verksemder. 

Påbodet om å bruka munnbind gjeld ikkje for barn under 12 år, eller for dei som av medisinske eller andre årsaker ikkje kan bruka munnbind.

Sosialt  -  anbefaling

Avgrens talet på nærkontaktar, og treff andre utandørs når det er mogleg. Hald avstand til andre der det er mogleg i det offentlege rom, helst ein meters avstand. Dropp handhelsing og unngå å klemma andre enn dine næraste. 

Du bør ikkje ha fleire gjestar heime enn 10 ut over eigen husstand. 

Barn i barnehagar og barneskular kan ha besøk frå eigen kohort/klasse/avdeling, sjølv om det overstig det anbefalte talet på gjestar. 

Ha god ventilasjon eller lufting når mange personar oppheld seg i same rom. 

Serveringsstader  -   påbod

Frå 14.01.2022 skjenkestopp frå kl. 23.00 på stader med skjenkeløyve, og slutt på å drikka alkohol på serveringsstaden seinast kl. 23.30. Alkohol berre som bordservering.  

Det er påbod om at serveringsstader skal sørga for at alle kan halda ein meters avstand til andre enn nærkontakter, påbod om munnbind når ein ikkje kan halda ein meters avstand, sitjeplassar til alle gjestar. Serveringsstaden skal registera kontaktopplysningar til gjestar som samtykker til dette.  

Arrangement  -  påbod

Privat samankomst på offentleg stad, og i lånt eller leigd lokale: Maksimalt 30 personar innandørs; 50 personar ved minnestund. 50 personar utandørs. Det er påbode med munnbind. Som privat samankomst reknast familie- og vennesamankomstar samt andre sosiale tilstellingar med arbeid og skule, inkludert tilstellingar etter seremoniar.

Offentleg arrangement: Maksimalt 30 personar innandørs utan faste tilviste plassar, og 200 personar ved bruk av faste sitjeplassar. Utandørs er det tillete med 100 personar utan faste plassar, eller 3 x 200 personar med faste, tilviste plassar. Dette omfatter for eksempel kultur- og idrettsarrangement, seminar og livssynssamlingar.

Tilsette og oppdragstakarar skal ikkje reknast med i talet. Ansvarleg arrangør skal føra lister over kven som er til stades, og sørga for at smittevernregler og krav om avstand blir følgde. Det er unntak frå krav om avstand mellom utøvarar, deltakarar på enkelte kurs og personar i same kohort i barnehage eller barneskule.

Religiøse samlingar og livssynssamlingar

Gravferder og bisettingar følger reglar for offentleg arrangement (sj ovanfor). Ved minnestunder etter gravferder og bisettingar kan det vera maksimalt 50 personar innandørs. Ved kyrkjevandring i kristne trussamfunn kan nye deltakarar sleppast inn kontinuerleg når nokon går ut. Tilsvarande unntak vil bli gitt for viktige høgtider for andre trussamfunn. 

Barnehagar og skular 

Barnehagane og skulane i Samnanger er no tilbake på grønt nivå. 

Kultur-, idretts- og fritidsaktivitetar  -  påbod og anbefaling

Krav om å driva smittevernfagleg forsvarleg, og med unntak av bibliotek og butikkar bør det førast lister over besøkande/deltakarar som samtykker til dette. 

Anbefaling om at fritidsaktiviteter blir gjennomført utandørs så langt det er mogleg for alle aldersgrupper. 

Barn og unge under 20 år: 
Utandørs aktivitetar kan gjennomførast som normalt. For reglar om innanførs aktivitetar, sjå regjeringa sine nettsider og covid-19-forskrifta.   

Personar 20 år og eldre:
Frå 14.01.2022 kan utandørs aktivitetar gjennomførast som normalt. For reglar om innandørs aktivitetar, sjå regjeringa sine nettsider og covid-19-forskrifta

Arbeidsplassar  -  påbod om heimekontor

Arbeidsgjevar skal sørga for at alle tilsette jobbar heimefrå når det er praktisk mogleg og ikkje er til hinder for viktig og nødvendig verksemd på arbeidsplassen, mellom anna verksemd for å ivareta barn og sårbare grupper. Arbeidsgjevarar skal kunne dokumentera at det er gitt beskjed til dei tilsette om korleis dette skal gjennomførast i verksemda. 

Arbeidsgjevarar kan gjera individuelle vurderingar for enkelttilsette som har behov for å vera fysisk på jobb, av omsyn til den tilsette sin individuelle situasjon.  

Treningssenter

Krav til smittevernfagleg forsvarleg drift ved treningssenter. Treningssenter skal registera kontaktopplysningar til gjestar som samtykker til dette. For nærmare informasjon, sjå covid-19-forskrifta.  

Lufting  -  anbefaling

Nasjonal anbefaling om å sørga for god ventilasjon og lufting i situasjonar der fleire oppheld seg i same rom over tid. 

Kollektivtrafikk

Anbefaling om å unngå bruk av kollektivtransport ved trengsel. Krav om munnbind når du ikkje kan halda minst ein meter avstand. 

Kva gjer du dersom du blir sjuk?

Ha låg terskel for å halda deg heime og testa deg om du er sjuk med nyoppståtte luftvegssymptom.

Me er mest smittsame dei første dagane med luftvegssymptom (hovudpine, tett nase, feber, hoste, sår hals og nedsett allmenntilstand). Ved symptom på luftvegsinfeksjon, bli heime og test deg. Testar du positivt, må du isolera deg. Testar du negativt, bør du bli heime til du føler deg bra og har vore feberfri i 24 timar.  

Smittekarantene

Husstandsmedlemmer og tilsvarande nære

Klikk her for informasjon om nye reglar for smittekarantene som gjeld frå og med 26.01.2022.

Husstandsmedlem og tilsvarande nære (sempelvis kjærast eller bestevenn) til ein person med påvist SARS-CoV-2 skal testa seg snarast mogleg med sjølvtest, antigen hurtigtest utført av helsepersonell eller PCR-test, og gå i karantene i 10 døgn frå siste kontakt med personen med påvist SARS-CoV-2. Dei kan testa seg ut med negativ sjølvtest eller PCR-test etter 7 døgn. Dette gjeld også barn. Barn under 16 år skal ikkje testast dersom det er uforholdsmessig krevjande å få teke test av barnet.

Merk: Dersom du bur slik at du ikkje kan halda nok avstand til den som er smitta, skal du begynna å telja 10 døgn i smittekarantene når den smitta har vore 4 døgn i isolasjon. Dette betyr at den totale karantenetida blir 14 døgn. Du kan ta ein sjølvtest eller PCR-test etter 11 døgn (4 + 7) og avslutta smittekarantene dersom testen er negativ. 

Smittekarantene kan erstattast med følgande testregime:

    • Dagleg testing i 5 døgn etter siste nærkontakt for husstandsmedlemmar og tilsvarande nære.
    • Husstandsmedlemmar og tilsvarande nære som ikkje kan halde avstand til den smitta i isolasjonsperioden kan erstatta smittekarantene med dagleg testing i 11 døgn(6 døgn i den smittas isolasjonsperiode + 5 døgn etter dette). Dette gjeld og born.
    • I tillegg til testregime anbefalas det å bruka munnbind innandørs på offentleg stad og å unngå store samankomstar og arrangement i 10 døgn etter nærkontakten. Anbefalinga om å bruka munnbind gjeld ikkje born under 12 år, skuleborn over 12 år når dei er på skulen og dei som av medisinske eller andre årsakar ikkje kan bruke munnbind.
    • Følg med på eventuelle symptomar under heile perioden.
    • Ved symptomar skal man halde seg heime og teste seg.
  • Personar som ikkje følger testregimet må være i karantene i 10 døgn, med eventuelt testing ut av karantene ved negativ test tatt tidligst 7 døgn etter siste nærkontakt.
  • Karanteneplikten gjeld ikkje personar som har gjennomgått covid-19 siste tre månader.

I tillegg gjeld enkelte særskilte unntak for mellom anna nøkkelpersonell i kritiske samfunnsfunksjonar.

Reglar for deg som er i karantene

  • Du skal opphalda deg i eigen heim eller anna eigna opphaldsstad. 
  • Du kan berre vera utanfor opphaldsstaden dersom du kan unngå kontakt med andre enn dei du bur saman med. 
  • Unngå besøk. Barn skal ikkje leike med andre barn enn dei som bur i same hushaldning. 
  • Om du ikkje har andre alternativ, kan du gå på nødvendig ærend i butikk eller apotek. Hald god avstand til andre. 
  • Du kan ikkje ta offentleg transport eller opphalda deg på ein arbeidsplass, skule eller andre stader der også andre oppheld seg. 
  • Personar i smittekarantene kan unntaksvis bruka offentleg transport for å koma seg til eigna karantenestad i Noreg etter løyve frå kommuneoverlegen. 

Øvrige nærkontaktar

Øvrige nærkontaktar har ikkje karanteneplikt, men vert anbefalt å testa seg 3 dagar etter nærkontakt, og ny test 2 dagar seinare (dag 5). Ver ekstra merksam på symptom i 10 dagar. Ved symptom, bli heime og test deg. 

Nasjonale reglar om testing, karantene og isolasjon

Ut over karantenereglane ovanfor gjeld nasjonale reglar for test, karantene og isolasjon

Utlevering av sjølvtest

Sjølvtest kan ein få utlevert på legekontoret/teststasjonen om ein har symptom eller er beden om å testa seg av smittevernlegen. Ikkje gå inn på legekontoret, men ring på ringjeklokka utanfor og vent på svar. For andre grunnar til å testa seg må ein sjølv kjøpa test.

Generelle smittevernråd for befolkninga

Trykk her for informasjon om Folkehelseinstituttet sine generelle smittevernråd for befolkninga

Sentrale forskrifter

Forskrift om smitteverntiltak mv. ved koronautbruddet (covid-19-forskriften)


Sist oppdatert: 27.01.2022
Publisert: 19.11.2021