HeimKoronaTreng du nokon å snakka med?

Treng du nokon å snakka med?

Har du spørsmål om koronaviruset?

  • Gå til Helsenorge og Folkehelseinstituttet sine nettsider for oppdatert informasjon: www.helsenorge.no og www.fhi.no
  • Finn du ikkje svar på nettsidene, ring den nasjonale informasjonstelefonen for koronavirus: 81555015
  • Du kan også ringja Samnanger kommune sin koronatelefon: 

Koronatelefonen i Samnanger
Telefonnummer: 96 62 69 68
Normal opningstid: Kvardagar kl. 09.00 - 14.00.

 

Treng du nokon å snakka med?

Er du under 18 år og treng nokon å snakka med?

Er du bekymra for eit barn?

Karantene, isolasjon og manglande dagtilbod kan gjere at nokon familiar og barn treng ekstra merksemd. Me er alle sårbare i ein slik situasjon og for nokon blir denne perioden ekstra vanskeleg.

Har du det vanskeleg heime, eller er du bekymra for korleis andre har det? Meld frå til barneverntenesta.

Alle som jobbar i barnevernet har teieplikt.

Slik melder du frå på dagtid på kvardagar:

Kontakt barneverntenesta (Arna og Åsane barnevern, avdeling Samnanger): 


Slik melder du frå på kveld, i helgar og på høgtids-/heilagdagar:

  • Ring Barnevernvakten telefon 55361180 (alle dagar kl. 08.00 - 02.00)
  • Ring Alarmtelefonen for barn og unge telefon 116111
  • Ring politiet telefon 02800 dersom det gjeld ei akutt alvorleg krise

Hald deg oppdatert

Samnanger kommune følgjer råd frå nasjonale helsestyresmakter. Me endrar rutinane og tiltaka våre når det kjem nye råd. Difor er det viktig at du held deg oppdatert.

Følg med her på nettsida til kommunen, samt på www.helsenorge.no og www.fhi.no for siste nytt.


Sist oppdatert: 26.04.2021
Publisert: 20.10.2020