Bibliotek

Møtestad

Me ønskjer at biblioteket skal vere ein inkluderande og hyggeleg stad, og vil gjere vårt beste for at folk i bygda skal føle seg velkomne hjå oss.

Biblioteket flytta til nye, flotte lokale i «Høgspent’n» i 2017. Du finn oss i etasjen under Spar på Bjørkheim. Inngangen finn de på sjøsida.

 

Lokalt og nasjonalt lånekort

Alle kan få lokalt lånekort og nasjonalt lånekort. Lokalt lånekort kan ein nytta i biblioteket og på skulane i Samnanger. Nasjonalt lånekort som kan nyttast på alle bibliotek i Noreg. For å få lånekort må levera signert kontrakt i biblioteket i betent opningstid. Sjå:
- Reglement og vilkår for bruk av Samnanger bibliotek
- Kontrakt for lokalt og nasjonalt lånekort
- Personvernerklæring

Tilgang til meirope bibliotek

Frå 16.12.2022 opna me opp for meirope bibliotek, og dersom du bur i Samnanger kommune og er fylt 15 år kan du få oppgradert lånekortet ditt slik at du får tilgang.
Er du under 18 år må ein føresett skriva under på kontrakten.
Kontrakt, lånekort og PINkode får du i bilioteket si betjente opningstid.
Med oppgradert lånekort kan du besøka biblioteket utanom betjent opningstid.

Nyttige linkar:
- Reglement og vilkår for bruk av Samnanger bibliotek
- Kontrakt for bruk av meirope bibliotek
- Personvernerklæring

Tilgang skjer via adgangkontroll ved hovudinngang. Du nyttar lånekort med PIN-kode, og døra opnar seg automatisk. Du vert fotografert idet du går inn. Heile bibliotekrommet er video-overvaka, det vert ikkje teke opp lyd. På låneautomaten kan du levere, låne, reservere og sjekke status på Meg & mitt og fornye bøker.  Vanlege lånereglar gjeld.  NB! Innlevering av Fjernlån fungerer ikkje på automaten, men kan som før leverast i innleveringskasse i gangen utafor SPAR, eller på kommunehuset. Tinging av fjernlån skal alltid skje innanfor bemanna opningstid.


Digitale tenester

Lokala våre har trådlaust nett og gir tilgjenge til ulike digitale tenester. Du kan mellom anna få hjelp til å komme i gong med å lese ebøker eller digitale aviser og magasin på mange språk.


Lokalaviser

Biblioteket abonnerer på fleire lokalaviser.


Lån frå andre bibliotek

Har me ikkje det du leiter etter, så kan me fjernlåne frå andre bibliotek.


Leige møterom

Biblioteket har både eit stort møterom (med plass til minst 50 pers) og to mindre møterom (frå 4-15 pers) til utleige. Dei kan etter avtale lånast gratis av lokale lag og organisasjonar. Bedrifter får leige til kommunalt fastsett pris. For avtale, nøkkel og informasjon om lån av lokala, kontakt biblioteksjefen i opningstida.


Opningstider

Dag Betjent Meirope
Måndag   16:00 - 22:00
Tysdag 12:00 - 19:00 08:00 - 22:00
Onsdag 10:00 - 16:00 08:00 - 22:00
Torsdag 10:00 - 16:00 08:00 - 22:00
Fredag   16:00 - 22:00
Laurdag   08:00 - 20:00
Sundag   08.00 - 20:00

Oppdaterte opningstider finn du på heimesida til biblioteket. 

Samnanger folkebibliotek

Adresse og diverse lenker 

Samnanger bibliotek
Bjørkheim 28
5652 Årland   Sjå i kart

Heimeside: www.samnangerbibliotek.no

Facebook-side: Samnanger folkebibliotek

Telefon: 56 58 74 55

E-post: bibliotek@samnanger.kommune.no

 


Sist oppdatert: 21.12.2022
Publisert: 27.09.2019