Digihjelpa
Den digitale utviklinga går raskt. Med prosjektet Digihjelpa ønskjer Samnanger kommune å tilby rettleiing til personar med liten eller ingen digital kompetanse. Hovudmålet er at alle innbyggarar skal kunne ta i bruk PC/mobil/nettbrett og offentlege digitale tenester (t.d. bankid, helsenorge, digipost, minid, epost, internett). Me vil òg gje rettleiing i ulike appar (t.d. skyss, Vy, Facebook). Rettleiing og foredrag er ope for alle og gratis.
Rettleiing kvar måndag
Kvar måndag frå og med 5. september kan du få rettleiing i biblioteket på dagtid.
Kl. 09.30-11.30 Individuell rettleiing
• Du kan møta opp utan avtale
• Det vert sett av inntil 20 min. per person
Kl. 12.30-14.00 Digi-kafè
• Open for alle
• Kort presentasjon av ulike tema frå gong til gong ved rettleiar
• Høve til å stille spørsmål og få hjelp
• Sosialt
• Enkel servering
Merk:
Alle må ha med eigen PC/nettbrett/mobil. Rettleiing og kafè vil ikkje vera ope i haust- og juleferie.
Foredrag
Det vert høve til å få med seg ulike presentasjonar av digitale tenester i løpet av hausten på ettermiddag/kveld.
Sparebanken Vest informerer om Bank ID
Bank ID er ein personleg og elektronisk legitimasjon for sikker identifisering og signering på nett. I samband med prosjektet Digihjelpa kjem Harald Boge ved Sparebanken Vest til Samnanger for å informera om Bank ID.
Her vil du få informasjon om:
• Utfasing av Bank ID på mobil
• Aktivering og bruk av ny Bank ID app
• Kva Bank ID kan nyttast til
• Tryggleik og personvern ved bruk av Bank ID
• Det vil òg vera høve for spørsmål og rettleiing
Dato: Måndag 12. september
Tid: kl. 18.00
Stad: Biblioteket
Presentasjon av Helsenorge.no
v/Kristin Whitehouse og Britt Bjørndal frå Helse Vest
Helsenorge.no er ein offentleg nettstad for alle innbyggarane i Noreg. Her finn ein tenester frå fleire aktørar i helsesektoren. Ein kan bruke ulike sjølvbetentløysingar kor ein loggar seg på, eller ein kan få generell informasjon om helserelaterte tema utan pålogging. I denne presentasjonen vil du få vete meir om tenestene du får tilgang til ved å logga deg på. På Hlsenorge kan du t.d. sjå helseopplysningar om deg sjølv, for barna dine som er frå 0-12 år eller opplysningar for personar som har gitt deg fullmakt. Det vert høve for å stilla spørsmål.
Dato: Måndag 17. oktober
Tid: kl. 18:00
Stad: Biblioteket
Alle er velkomne. Arrangementet er gratis.
Presentason av Seniornett
Ved å bli medlem av Seniornett kan du få fjernhjelp på din PC, nettbrett eller smarttelefon. Seniornett er en frivillig, ideell og partipolitisk uavhengig organisasjon med formål å styrka digital kompetanse hos seniorar. Seniornett sitt mål er vidare å skape arenaer kor seniorar kan auke sine digitale kunnskapar og ferdighetar for å meistre digitale verktøy og tenester i hvardage.
Dato: Onsdag 16. november
Tid: kl. 18:00
Stad: Biblioteket
Kontakt
Ønskjer du meir informasjon om prosjektet?
Send epost til digihjelpa@samnanger.kommune.no eller ring 56 58 74 00
Prosjektet er støtta med tilskot frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet