HeimKultur og aktivitetFriluftslivDagsturhytta ("Prestakvilet")

Dagsturhytta ("Prestakvilet")

Dagsturhytta

Om dagsturhytta

Hytta i Samnanger er plassert ved Kvernesvatnet, som er eit idyllisk skogsområde med mange ulike turmål og er eit flott aktivitetsområde med moglegheit for å bada. Dette er ei hytte som har fokus på enkel adkomst, og ein har moglegheiten til å forlenge turen om ein vil. Om ein er ute etter ein kortare tur, finst det fleire flotte utkikkspunkt og stoppestadar undervegs. Spesielt kan ein trekke fram utkikksbenken ved Søvika, ca halvvegs til dagsturhytta. 

Tilkomst og parkering

Stien til Prestakvilet startar frå parkeringa på Ådland v/kyrkja, om lag 1,6 km frå Bjørkheim sentrum (FV7). Det er skilta til dagsturhytta frå vegen. Sjå i kart

Trykk her for turkart (Prestavegen).

Stien til hytta

Stien startar med ein gong du stig ut av bilen på Ådland, og startar ganske lett med flat bilveg med vekselvis asfalt og grus det første stykket. Merk at vegen frå parkeringsplassen går over til å bli privat, det er difor ikkje høve til å køyre lenger enn til parkeringsplassen v/kyrkja. Etter omtrent 1 km går vegen over til sti, og terrenget vert meir kuppert. Om det er nedbør, er det lurt å bruke gode sko då det tidvis er vått i marka. Når ein nærmar seg målet, vil ein få auge på dagsturhytta ca. 20 meter frå stien v/ Kvernesvatnet. Dette er det første vatnet du kjem til. 

Avstandar

Heile turen frå parkeringsplassen og fram er på ca. 2 km og tek omtrent 30 minutt med normal gange. God tur.

Dagsturhytta


Sist oppdatert: 25.07.2022
Publisert: 15.11.2019