HeimKultur og aktivitetFriluftslivFiske i sjø og ferskvatn

Fiske i sjø og ferskvatn

Fiske i sjø

Samnanger er ein fjordkommune med lange tradisjonar for fiske. På Samnangerfjorden kan ein få torsk, hyse, lange, lyr, sei, kviting og andre av våre vanlegaste saltvatnfiskar. 

For reglar for fiske i sjø, sjå nettsida til statsforvaltaren i Vestland.

Innlandsfiske i innsjø og vassdrag

Mange vatn, elvar og vassdrag i Samnanger kommune er rike på fisk. 

Før fiske startar må du kjøpa fiskekort eller innhenta løyve hos fiskerettshavaren. Ønskjer ein å fiska i vatn med busetnad rundt (d.v.s. at ein må gå på innmark) skal ein avtala med grunneigar.

Born som ikkje har fylt 16 år har rett til gratis fiskekort for å fiske med stang i perioden 1. januar til 20. august i dei delar av vassdrag der det ikkje går laks eller sjøaure. I den same tida har dei rett til gratis fiske med stang utan løyve frå grunneigar i vassdrag der ein ikkje sel fiskekort.


Skal ein fiska etter laks eller sjøaure i elvar eller innsjøar, må ein også hugsa å betala den statlege fiskaravgifta i tillegg til fiskekort/løyve frå grunneigar. Les meir om den statlege fiskaravgifta her: Om fiskeravgiften (miljodirektoratet.no)

For meir informasjon om reglar for innlandsfiske i innsjø og vassdrag, sjå nettsida til statsforvaltaren i Vestland

Fiske i Tysseelva Tysseelva

I Tysseelva er det bygd laksetrapp for å hjelpa fisken opp dei kraftige stryka ved Tysse. Foto: BKK

Erfaringar og undersøkingar har vist at fiskestammene av villaks og sjøaure i Tysseelva er under sterkt press. Det er difor naudsynt med innskrenking av fisket. 
Ein kan berre fiska med stang, og sjøaure og villaks som vert fanga skal så raskt og skånsamt som mogleg setjast ut att.

Fiskekort for Tysseelva kan ein kjøpa her: www.inatur.no/infopages/09/81/90/94/Tysseelva-elveos.html  

Hugs at ein også skal betala den statlege fiskaravgifta i tillegg til fiskekort. 


Sist oppdatert: 14.02.2021
Publisert: 04.08.2020