HeimKultur og aktivitetFriluftslivFriluftsområde og turar

Friluftsområde og turar

Kartlagde friluftsområde

Arbeidet med å merka og vedlikehalde turstiar pågår kontinuerleg i lag med frivillige i kommunen, og det er eit mangfald av turar både langs sjøen og til fjells ein kan nyta året rundt. Det er i dag 15 turstiar i kommunen merka etter internasjonal standard. Klikk på namna i lista nedanfor for å lesa meir om desse turmåla og finn kart du kan skrive ut og ta med på turen. God tur! 

Følgjande turar er merka etter internasjonal standard: 

 Botnavatnet

Klikk på biletet for å gjera det større

Stad 
Rolvsvåg

Turkart
Kartutsnitt  turkart_botnavatnet.pdf                                          

Start- og sluttpunkt 
Rolvsvågvatnet.

Parkering
Ved ungdomshuset i Rolvsvåg.
Vegen inn ved Rolvsvågsvatnet er stengt med bom.

Merking
Skogsveg og sti.
Informasjonstavle ved P-plassen og avkjøring ved Rolvsvågsvatnet.

Gradering
Blå.

Høgdeskilnad
180 meter

Lengde og tidsbruk
Ca 3,6 km og turen tar ca 2 timar tur/retur

Gode råd 
Byrjinga av turen går på god skogsveg. Det er bom i byrjinga av vegen derfor passar ikkje turen for barnevogn og rullestol (motorisert) utan avtale med grunneigar for opning av bommen.

Turomtale
God skogsveg langs Rolvsvågsvatnet og vidare oppover. Skogsvegen går over i sti oppover til Langavatnet. Stien går heilt nede i vasskanten. Ved elva midt på dette vatnet går ein oppover i skogen til ein kjem til Botnavatnet. Eit veldig fint område å gå tur i. Flott utsikt over desse to vatna, og på høgdedrag over Rolvsvågsvatnet ser ein utover heile Rolvsvåg og sjøen.
Ved Botnavatnet ligg også Botnahytta. Denne hytta var gøymestad for flyktningar under krigen. Anna og Nils Rolvsvåg har fått ein minnestein (står ved ungdomshuset) til minne om deira motstandsarbeid under krigen. Sjå omtale om Botnahytta ved P-plassen og i starten av turen.

Rullestol
Eigna eit godt stykke av skogsvegen, men ein må gjera avtale med grunneigaren for opplåsing av bommen. Siste stykket av turen er på sti som ikkje er eigna for rullestol (motorisert)

Bruabotn 

Klikk på biletet for å gjera det større

Stad
Langeland

Turkart
Kartutsnitt turkart_bruabotn.pdf

Start- og sluttpunkt
Langeland

Parkering
Ungdomshuset på Langeland

Merking
Veg og sti

Gradering
Blå og Raud

Høgdeskilnad
82 meter

Lengde og tidsbruk
Frå 1 til 3,6 km og frå 1 time til 3 timar.

Gode råd
Både lett og tung tur og ein kan velja lengda sjølv!

Turomtale
Frå Langeland til Bruabotn går turen lett. Her går ein på veg, over innmark og på sti. Inne i Bruabotn er ein inne i ein granskog som er både skummel og eventyrleg. Her inne budde det folk tidlegare og det var sjølvsagt ikkje overgrodd slik som no. Ein idyllisk plass i si tid. Sjå omtale i starten av turen.
Frå Bruabotn og opp til Svensdalen er det bratt og turen er her merkt med raudt. Dette stykket er krevande og ein må ta tida til hjelp opp denne bratte lia.
Frå Svensdalen til Høyseter fylgjer ein skogs-/bilvegen.

Rullestol
Ikkje eigna frå Langeland. Frå Høysæter kjem ein inn til Svensdalen og litt vidare på skogsvegen med rullestol (motorisert)

Frølandstjørna 

Klikk på biletet for å gjera det større 

Stad
Frøland

Turkart
Kartutsnitt turkart_frolandstjorna.pdf

Start- og sluttpunkt
Frøland

Parkering
Ved hovudvegen (saltlageret til kommunen)

Merking
Sti og skogsveg

Gradering
Blå

Høgdeskilnad
50 meter

Lengde og tidsbruk
1,1 km og ca 1 time

Gode råd
Lett tur på god sti og skogsveg. Kan vera litt vått i området. Kyr beitar i området, så ver varsam og hald hunden i band.

Turomtale
Lett tur i idyllisk område ved Frølandstjørna. Ein går halve vatnet rundt og så tar ein turen via «Fossahagen» og ned att bak Frøland Kraftstasjon. Brakka som var i «Fossahagen» er frå anleggstida (tidleg 1900-talet) for kraftutbygginga. Grunnmurane står igjen og det er veldig fint i dette området. Herifrå fylgjer ein elva ned til kraftstasjonen. Ver varsam her dersom elva er stor.

Rullestol
Ikkje eigna

Kulturløype frå Grendahuset til Nordvik 

Klikk på biletet for å gjera det større 

Stad
Nordbygda

Turkart
O-kart turkart_grendahuset_-_nordvik.pdf

Start- og sluttpunkt
Nordbygda Grendahus

Parkering
P-plass ved Nordbygda Grendahus

Merking
Bygdavegen er asfaltert, skilting og kulturhistorisk informasjon undervegs

Gradering
Grøn

Høgdeskilnad
50 m

Tidsbruk
Ca 2 km og turen tar ca 1 time t/r

Gode råd
Turen går på bilveg som er asfaltert. Det er avstikkarar til treskoverkstad, smie, kvernhus, ishus og gamal stove. I tillegg er det ein avstikkar til Nordvikavatnet der det er opparbeida ein liten grillplass.

Turomtale
Lett tur der ein kan oppleva kulturhistoriske bygg og deira historie i landbruksområde.

Rullestol:
Godt eigna for motorisert rullestol, men ikkje til smia og kvernhuset.

Lønnebakken - Fitjavatnet 

Klikk på biletet for å gjera det større

Stad
Lønnebakken

Turkart
Kartutsnitt turkart_lonnebakken_-_fitjavatnet.pdf

Start- og sluttpunkt
Samnanger barneskule

Parkering
Samnanger barneskule

Merking
Veg og sti

Gradering
Blå

Høgdeskilnad
205 meter

Lengde og tidsbruk
ca 1 km og ca 1 time t/r

Gode råd
Lett tur i skogsterreng. Snarveg til Fitjavatnet.

Turomtale
Her fylgjer ein bilvegen til toppen i bustadområdet på Lønnebakken til ein kjem til skiltet ”Til Fitjavatnet”. Her går turen på god sti i kupert område. Ein kjem seg raskt opp og har utsikt over Samnangerfjorden. Siste del av turen går gjennom granskogen og ein kjem ut att i skogsvegen som går til Fitjavatnet. Då vert valet om ein skal gå vidare oppover eller nedatt til parkeringsplassen.

Rullestol
Ikkje eigna.

Nymark til Smådalen 

Klikk på biletet for å gjera det større 

Stad
Nymark

Turkart
O-kart turkart_tyssereinane_-_smaadalen_-_nymark.pdf

Start- og sluttpunkt
Nymark

Parkering
Ingen parkering ved hovudvegen. Kjør oppover vegen til Sætratjørnane. Parker ved kryss til Fossåsen.


Merking
God grusveg, merking og sti det siste stykket.
Informasjonstavle ved kryss til Fossåsen.

Gradering
Blå

Høgdeskilnad
370 m

Lengde og tidsbruk
Ca 5 km og turen tar ca 4 timar t/r.

Gode råd
Ein tur på god skogsveg med nokre bratte parti.

Turomtale
Fin tur på skogsveg og siste delen på sti fram til Smådalsvatnet. Skytebane i området. Tur for dei gode samtalar ved at ein kan gå fleire i breidda!

Dersom ein ynskjer ein rundtur kan ein gå ned att til Tyssereinane og Ytre-Tysse. Ein kan også gå vidare oppover til Burlifjellet som vert ein ”topptur”.

Prestavegen 

Klikk på biletet for å gjera det større

Stad
Ådland

Turkart
O-kart turkart_prestavegen.pdf

Start- og sluttpunkt
Ådland

Parkering
Ved kyrkja på Ådland

Merking
God grusveg med kulturhistorisk merking og sti.
Informasjonstavle ved P-plassen.

Gradering
Grøn og blå

Høgdeskilnad
20 m

Lengde og tidsbruk
Ca 3 km og turen tar ca 2 timar t/r

Gode råd
Fyrste del av turen går på historiskveg medan resten av turen går på sti.

Turomtale
Fin tur på historiskveg med kulturhistorisk informasjon undervegs. Rullestol kan fint brukast på vegen. Vegen går over i sti ved Søvik.

På turen vil ein finna informasjon om Likleitet, Søkvikkleiva og Hellenaustet og

Kommunen si dagsturhytte ("Prestakvilet") ligg ved Kvernesvatnet, like ved Prestavegen.  


Rullestol:
Fyrste del av vegn er eigna for motorisert rullestol, men ikkje siste delen.

Raudvatnet 

Klikk på biletet for å gjera det større

Stad
Storkleiva (Raunekleiva)

Turkart
O-kart turkart_raudvatnet.pdf


Start- og sluttpunkt
Storkleiva (Raunekleiva)

Parkering
Ved BIR sin miljøpark.

Merking
God skogsveg og sti.
Informasjonstavle ved P-plassen.

Gradering
Blå

Høgdeskilnad
400 meter

Lengde og tidsbruk
Ca 3,8 km og turen tar ca 3 timar t/r

Gode råd
Fyrste del av turen går på skogsveg medan resten av turen går på sti. Bratt i byrjinga av turen, men det flatar ut etter kvart. Utkikspunkt over Samnangerfjorden undervegs.  

Turomtale
Fin tur der ein kjem høgt opp i terrenget med fine utkikspunkt undervegs. Bratte parti undervegs so turen er litt krevande på nokre parti.

Det er også privat merkte stiar til husmannsplassane: Ospekleiva og Nyseterbotn. Dei har også merkt stien til Heiasetre. Frå Heiasetre kan ein fylgja stien ned til Bjørnåsen eller setervegen ned til Erikajorda på Reistad

Rullestol:
Ikkje eigna.

Storebrekksvatnet 

Klikk på biletet for å gjera det større

Stad
Rolvsvåg/Sagavatnet

Turkart
Kartutsnitt turkart_storebrekksvatnet.pdf

Start- og sluttpunkt
Sagavatnet

Parkering
Langs hovudvegen

Merking
Gamal militærveg og sti

Gradering
Raud

Høgdeskilnad
334 meter

Lengde og tidsbruk
ca 1,7 km og ca 1,5 timar t/r

Gode råd
Byrjinga av turen er bratt. Det er ein del ”rullestein” ein går på så her må ein vera forsiktig. Siste del av turen går på fin sti inn mot Storebrekksvatnet

Turomtale
Etter ein bratt start langs den gamle militærvegen kjem ein opp til vatnet som ligg som ei perle i den flotte naturen. Ved brua over bekken i enden av vatnet kan ein nyta utsikta og nista si. Fint område å leika i for born. Born i alle aldrar klarar fint denne turen når ein berre tar tid til hjelp opp den bratte militærvegen. Sjå omtale i starten av turen.

Rullestol
Ikkje eigna.

Storebrekksvatnet via Vesterdalen 

Klikk på biletet for å gjera det større

Stad
Rolvsvåg

Turkart
Kartutsnitt turkart_storebrekksvatnet_(via_vesterdalen).pdf

Start- og sluttpunkt
Rolvsvåg eller Sagavatnet

Parkering
Dersom ein går frå Rolvsvågsida – parkering ved ungdomshuset
Dersom ein går frå Sagavatnet – langs hovudvegen

Merking
Skogsveg og sti

Gradering
Blå (frå Rolvsvåg)
Raud (frå Sagavatnet)

Høgdeskilnad
270 meter (frå Rolvsvåg)
334 meter (frå Sagavatnet)

Lengde og tidsbruk
4,5 km og ca 2 timar (frå Rolvsvåg)
6,2 km og ca 3,5 timar (frå Sagavatnet)

Gode råd
Turen vert omtala frå Rolvsvåg: skogsveg og sti (litt utydeleg enkelte plassar, men det er godt merkt)
Omtale frå Sagavatnet: sjå Storebrekksvatnet.

Turomtale
Turen vert omtala frå Rolvsvågsida: Turen byrjar på asfalt, går over til skogsveg, så eit stykke med sti og til slutt går ein på skogsveg igjen. Frå grustaket (Rolvsvåg Betongindustri) fylgjer ein skogsvegen opp i Vesterdalen. Gjennom denne dalen går ei elv som ein fylgjer eit stykke. Området her vert nytta som beiteområde for kyr, så ver varsam og ha hunden din i band. Mykje furuskog og litt steinete oppover i denne dalen. Ganske flatt område å gå i. Så byrjar ei lita oppstiging på sti til ein kjem opp i skogsveg igjen. Herifrå er det lett å gå opp til Storebrekksvatnet som ligg som ei perle i den flotte naturen.

Rullestol
ikkje eigna.

Stølane (Totland) 

Klikk på biletet for å gjera det større

Stad
Totland

Turkart
Kartutsnitt turkart_stolane_(totland).pdf

Start- og sluttpunkt
Totland ( Ved ei grøn grind på høgre sida av vegen mot Langeland)

Parkering
Frøland kraftstasjon

Merking
Sti

Gradering
Blå

Høgdeskilnad
27 meter

Lengde og tidsbruk
1,2 km og ca 45 minuttar

Gode råd
Lett tur på god sti.

Turomtale
I staden for å gå på tur langs vegen opp til Langeland, kan ein her koma seg litt opp i terrenget. God sti som går langs den gamle vegen frå Langeland til Totland. Fine murar og steinar finn ein her. Ein kjem inn til nokre utløer som også vart omtala som ”geithusa” frå gamalt. Ope fint terreng å gå i på denne korte turen.

Rullestol
Ikkje eigna

Tyssereinane til Smådalen 

Klikk på biletet for å gjera det større

Stad
Tyssereinane til Smådalen

Turkart
O-kart turkart_tyssereinane_-_smaadalen_-_nymark.pdf

Start- og sluttpunkt 
Tyssereinane

Parkering
Tyssereinane ved Samnanger ungdomsskule

Merking
Sti med merking.
Informasjonstavle ved P-plassen.

Gradering
Raud

Høgdeskilnad
370 meter

Lengde og tidsbruk
Ca 1,6 km og turen tar ca 1 time og 45 minuttar t/r.

Gode råd
Ein tur i bratt terreng på god sti.

Turomtale
Flott tur i bratt terreng med  utsiktspunktet ”Sjåheim” undervegs. I tillegg lokal historie om ”underbuksemannen”. Ved målet Smådalen flatar landskapet ut og Smådalsvatnet ligg der som ei perle.

Ytre-Tysse til Tyssereinane 

Klikk på biletet for å gjera det større

Stad
Ytre-Tysse (tusenårsstaden)

Turkart
O-kart turkart_ytre-tysse_-_tyssereinane.pdf

Start- og sluttpunkt
Kaien på Ytre-Tysse eller Tyssereinane

Parkering
Kaien på Ytre-Tysse eller Tyssereinane ved Samnanger ungdomsskule

Merking
God grusveg med kulturhistorisk merking.
Informasjonstavle ved P-plassen.

Gradering
Grøn.

Høgdeskilnad
50 meter

Lengde og tidsbruk
Ca 1,3 km og turen tar ca 20 minuttar rundtur

Gode råd
Ein tur for samtale og meditasjon. Ein fin turveg som også passar for barnevogn og rullestol (motorisert)

Turomtale
Flott tur langs delar av Smådalselva med grillplass. Badekulp, kvernhus,  spennande tyskarholer og Jonastova frå 1850 finn ein på denne turen.
Turen eignar seg for både dei minste og dei eldste.

Rullestol:
Heile vegen har fast grusdekke, og er svært godt eigna for motorisert rullestol.

Ådland til Bjørnåsen ned til Erikajorda 

Klikk på biletet for å gjera det større

Stad
Ådland eller Erikajorda på Reistad

Turkart
O-kart turkart_aadland_-_bjoernaasen_-_erikajorda.pdf

Start- og sluttpunkt
Ådland eller Nordbygda Grendahus

Parkering
P-plass ved kyrkja på Ådland eller P-plass ved Nordbygda Grendahus

Merking
Merkt skogsveg og sti

Gradering
Blå

Høgdeskilnad
300 m

Lengde og tidsbruk
Ca 2,5 km og turen tar ca 2 timar rundtur

Gode råd

Fyrste del av turen går på skogsveg og so vert det sti. Bratt parti i byrjinga og slutten.

Turomtale
Ein tur som er spennande for born med avstikkarar til diverse undervegs. Tarzan-løype i byrjinga ved Lindane inne i ein granskog.   Bekkar undervegs som er godt eigna for ”ploppesteinar”. Hole tre som er kjekke å gøyma seg i. Utkikkspunkt med benk mot Nordvik.

Rullestol:
Ikkje eigna.

Åsen - Totræna 

Klikk på biletet for å gjera det større

Stad
Hagabotnane

Turkart
Kartutsnitt turkart_aasen_-totraena.pdf

Start- og sluttpunkt
Hagabotnane

Parkering
Ved idrettsanlegget i Hagabotnane

Merking
Skogsveg og sti

Gradering
Blå

Høgdeskilnad
125 meter

Lengde og tidsbruk
Rundturen er ca 3 km og tar ca 1 time. Det er ikkje merkt heilt inn til Totræna. Kun skilt som viser retninga.

Gode råd
God skogsveg eit stykke og sti resten.

Turomtale
Rundturen er ca 3 km, men me har merkt to andre snarvegar ein kan ta undervegs. Området er lett å gå i med litt stigning undervegs. Dersom ein tar snarvegane er det ein fordel å ta dei på veg opp.
Oppe i Åsen ser ein utover Samnangerfjorden og litt lenger inne ser ein utover Tveiterås. Ved Tovegstjørna er det veldig fint og her har grunneigarane sett opp benkar. På snarvegane går ein gjennom granskogen. Sjå omtale i starten av turen.

Rullestol
ikkje eigna.


Sist oppdatert: 21.02.2024
Publisert: 15.11.2019