HeimKultur og aktivitetFrisklivssentral

Frisklivssentral

Frisklivssentralen er ei helsefremmande og førebyggande kommunal helseteneste.
Målgruppa er personar med sjukdom eller auka risiko for sjukdom, og som treng støtte til å endra levevanar og meistra helseutfordringar. Tilbodet kan være aktuelt både som førebygging, avgrensa utvikling av sjukdom og som del av eit behandlings- og/eller rehabilliteringsforløp.

Frisklivssentralen ønskjer å stimulera til utvikling av den kommunale helsetenesta ved å fremja fysisk og psykisk helse, førebyggje sjukdom, bidra til meistring av sjukdom og til betre ressursutnytting av samla innsats i helse- og omsorgstenesta.

Lokasjon og kontaktinformasjon
Frisklivssentralen er samlokalisert med frivilligsentralen på biblioteket, i Samnanger friskliv- og frivilligsentral.
Frisklivskoordinator er tilsett i 50% stilling.
E-post: frisklivsentral@samnanger.kommune.no.
Facebook og Instagram: Samnanger friskliv- og frivilligsentral.


Sist oppdatert: 21.12.2022
Publisert: 21.12.2022