HeimKultur og aktivitetFrivilligsentralen

Frivilligsentralen

Kva Samnanger Frivilligsentral arbeidar med

Samnanger Frivilligsentral har fokus på å skapa gode møteplassar i nærmiljøet basert på innbyggjarane sine ønskjer og behov. 

Saman med dei frivillige kreftene ønskjer frivilligsentralen å vere ein medhjelpar for dei som vil skape aktivitet og møte mellom menneske.

Frivilligsentralen ønskjer også å bidra til gode samarbeidsmoglegheitar mellom frivillige organisasjonar og kommunen, og løfta fram alt det gode frivillige arbeidet som blir utført i bygda vår.                     

Frivilligsentralen sine aktivitetar og tilbod er gratis for brukarane og tilgjengeleg for alle.

Frivilligsentralen kan mellom anna:

  • Leggja til rette for deg som ønskjer å skape gode tilbod i ditt nærmiljø, eller ønskjer å bidra med frivillig innsats. 
  • Arbeida for samhandling på tvers av grupper og område.
  • Bistå deg som ønskjer hjelp frå frivillige.
  • Rettleia lag/organisasjonar t.d når det gjeld søknadar om midlar.
  • Hjelpa deg å nå ut til laga/organisasjonane i Samnanger.

Frivilligsentralen tilbyr ulike aktivitetar for innbyggarane i alle aldrar.

  • Enkle vaktmestertenester
  • Digital borgar 
  • Språktreff
  • Sy, strikk og skravl
  • Karalag
  • Telefonvenn
  • Ung jobb
  • Handlehjelp
  • Besøksbarn

Meir informasjon om aktivitetane finn du på nettsida og facebooksida til frivilligsentralen. 

Utstyrsbanken

Frivilligsentralen betjener også Utstyrsbanken i kontortida. Her kan alle låna sport - og fritidsutstyr gratis. Ein komplett oversikt over alt tilgjengeleg utstyr finn du her:

Utstyrsbanken - Samnanger si facebookside eller i

Katalog for utstyrsbanken.

Send ein forespørsel om kva utstyr du vil låne, så set me det klart til deg for henting i bibilioteket. 

Hugs å sende med lånekontrakt første gongen du låner. 

Kontaktinformasjon

Ønskjer du å bidra som frivillig/ få hjelp frå frivillige eller har gode idèar til møteplassar? Eller har du andre ting du ønskjer å snakke med frivilligkoordinator om? Ikkje nøl med å ta kontakt! 

Kom gjerne innom frivilligkoordinator sitt kontor på biblioteket eller avtal eit møte på førehand.

Opningstid

Måndag til fredag

Frivilligkoordinator; 

Solveig Lara Gautadottir

Samnanger frivilligsentral 
Bjørkheim 28
5652 Årland


Heimeside: samnanger.frivilligsentral.no 

Facebook side: Samnanger Frivilligsentral / Utstyrsbanken

Telefon: 56 58 74 57 / 47483733

E-post: frivilligsentral@samnanger.kommune.no

Frivilligerklæring for Samnanger kommune

Kommunestyret vedtok 11.06.2020 frivilligerklæring for Samnanger kommune. 

Trykk her for å lasta ned frivilligerklæringa


Sist oppdatert: 05.02.2024
Publisert: 20.08.2018