Forvalting av kulturminne

Er du eigar av eit verneverdig kulturminne? 

Eit kulturminne kan vere verna gjennom kulturminnelova (freding) eller gjennom planverket til kommunen. Nokre kulturminne kan også vere verneverdige sjølv om dei ikkje er registrerte hjå kommunen.

Tilskotsordningar

Tilskot til verneverdige kulturminne (Vestland fylkeskommune)

Vestland fylkeskommune deler ut midlar til verna kulturminne. Søknad skal sendast Samnanger kommune innan 1. desember. Les meir på Vestland fylkeskommune sine nettsider. 

SMIL-tilskot

SMIL-ordninga skal mellom anna bidra til å ta vare på natur- og kulturminneverdiane i jordbrukets kulturlandskap. Det er berre føretak som har rett på produksjonstilskot som kan søkja. 

Trykk her for meir informasjon om SMIL-ordninga. 

Ta kontakt med Bjørnefjorden landbrukskontor dersom du har spørsmål om ordninga. 

Norsk kulturminnefond

Norsk kulturminnefond gjev tilskot til istandsetjing av alle typar kulturminne. Søknadsfrist heile året. 

For meir informasjon, sjå kulturminnefondet sine nettsider. 

Uni-stiftelsen

Uni-stiftelsen gjev støtte til mellom anna verneverdige bygningar. For meir informasjon, sjå Uni-stiftelsen si nettside.  

Kulturminneplan for Samnanger kommune

Kommunedelplan for kulturminne 2012-2020


Råd og rettleiing for eigarar av kulturminne
 

Ta kontakt med kulturkontoret for informasjon. 


Sist oppdatert: 03.04.2023
Publisert: 13.11.2019