Kulturminne og museum

Museum og kulturhistoriske samlingar i kommunen

Antons kulturhistoriske senter

Antons kulturhistoriske senter held til på Frøland og er staden for ein positiv nostalgioppleving. Her er det hovudfokus på 50- og 60-talet. Senteret er eigd og vert drive Anton Drønen, med god hjelp av familie og vener.

I underetasjen er det utstilt ein del gamle kjøretøy, dei fleste frå 50- og 60- talet, og rundt desse finn du historikk og gjenstandar som er knytt til desse tider. 

I andre etasje er det ei vandring gjennom dagleglivet slik det var for "ei tid sidan". og dei fleste som har levd ei stund vil kjenne seg igjen her.

Senteret har og ein kafè der ein kan kjøpa seg ein kopp kaffi og noko å bita i, mens ein ser på ein nostalgisk filmsnutt eller ein kan spele ein gamal slager på den gamle jukeboksen som står i hjørnet.

Ynskjer du å avlegge besøk, kan du koma innom i dei opningstidene som vert annonsert på facebooksida, eller bestilla omvisning.

Ta kontakt via melding, eller ring 92286972, for spørsmål eller avtalar.

Fjordtønna

Fjordtønna er ikkje berre ei produksjonsbedrift i Tysse i Samnanger, me er og eit mykje besøkt "museum", kor me visar korleis me held gamle bødtkartradisjonar i hevd gjennom vår produksjon. 

Der fortel me tønnas historie, utviklingsprosessen og syner ein del av arbeidsoperasjonane frå bord og plank til ferdig tønne.

Fjordtønna tek og mot grupper for omvising i fabrikken. Omvisinga tek 1-1,5 time og kostar kr. 100,- p.p. (min. 15 pers).

Enkel servering!

Ein slik omvising må tingast på førehand, så ikkje nøl med å ta kontakt på mobil 92253785 for å avtale dato og tidspunkt!

Heimeside: www.fjordtynna.no

Fossen bratte - "Brudesløret"

Den gedigne Fossen bratte er verdt ein stopp. Med sitt veldige fall er fossen litt av eit syn, og det er flott utsikt nedover dalen frå stupet der fossen buldrar utfor.

Det knyter seg ei tragisk historie til Fossen bratte. Den 13. juli 1951 var det unge ekteparet Ginette Doux og René Zephir Laigle på bryllaupsreise då dei kjørde utfor vegen øvst ved fossen. Dei mista begge livet. Nedst i dalen er det sett opp ein minneplakett om hendinga.

Fossen bratte

 

Tysse - den moderne "gamlebyen"

Tysse er administrasjonssentert i Samnanger. Kommunehuset ligg på Indre-Tysse, på nordsida av den mektige Tysseelva. Ytre-Tysse, sør for elva, er sjølve "Gamlebyen". Dette er den historiske tettstaden i Samnanger, og på 1920-talet blomstra turismen her. 

Kaiområdet på Ytre-Tysse er nytt og flott og har landgang for småbåtar. Den smale Tyssegata, som vart miljøgate i 2011, snor seg gjennom Ytre-Tysse. Her ligg gamle, idylliske trehus på rekke og rad. Her ligg og Tusenårsstaden.

Ved Tysseelva ragar den karakteristiske SAFA-pipa opp frå Samnanger fabrikkar sine lokaler. 

Tett på elva like ovanfor Safa-bygget finn ein også vesle Smio, eit koseleg gamalt murhus der det vanlegvis vert arrangert kunstutstilling kvar somar.


Sist oppdatert: 25.07.2022
Publisert: 10.09.2018