Kulturskulen
SpeedAdmin
I løpet av hausten 2022 vil kulturskulen begynne å nytta SpeedAdmin som administrasjons- og kommunikasjonsprogram.
Ynskjer du å sjå kontaktopplysningar som er registrert på ein elev, å gjera endringar eller melde ein elev av eller på eit fag? Logg inn i SpeedAdmin.
Har du spørsmål? Kontakt oss på karianne.kayser@samnanger.kommune.no
Søknadsskjema til kulturskulen finn du ved å trykke her
Samnanger kulturskule tilbyr undervisning i musikk og drama/teater for born og unge innbyggarar i kommunen vår.
Skuleåret har 38 veker. Skuleruta for kulturskulen er stort sett det same som for grunnskulen med omsyn til feriar, fridagar, planleggingsdagar m.m. Undervisninga er for det meste desentralisert, og går for det meste føre seg ute på skulane (så langt det er mogeleg). Kulturskulen får nytta rom og utstyr på skulane.
Undervisningstilbod
Undervisningstilbodet gjeld for born frå 4. trinn.
Nytt : Frå hausten 2022 kan born som startar på 2. trinn spela korpsinstrument.
Grunnkurs for alle elevar på 4. trinn.
Kulturskulen og grunnskulen samarbeider om dette tilbodet. Grunnkurset er ein del av musikkundervisninga på skulen. Opplæring i noteteori, blokkfløyte og samspel. Det er inga påmelding til dette grunnkurset.
Korpsinstrument
Kulturskulen har samarbeid med Samnanger skulemusikklag om instrumentopplæring. Tre ulike samspelnivå: aspirantkorps, juniorkorps og hovudkorps. Det er best for eleven å halda fram med opplæring i kulturskulen samstundes som han/ho spelar i skulekorpset. Skulekorpset leiger ut instrument.
Søkjar får prøva ulike instrument før me avgjer kva han/ho får spela.
Messinginstrument: kornett/trompet, valthorn, trombone, barytonhorn, tuba
Treblåseinstrument: tverrfløyte, klarinett, saxofon
Slagverk
Undervisning i trommesett og perkusjon. Slagverkarane kan få plass i skulekorpset. Eleven må ha trommesett heime!
Piano/keyboard
Undervisning på Samnanger barneskule.
Gitar
Akkordspel/melodispel. Elevane kan også få spela bassgitar.
Ukulele
Kurs for born og vaksne saman.
Band/samspel
Elevane bør ha instrument sjølve og erfaring i å bruka dei.
Song
Songtimar.
Teater
Elevane får setja opp eige teaterstykke, eventuelt musikal.
Tutti Frutti
Band for vaksne med psykisk utviklingshemming.
Tilsette i kulturskulen
Karianne Kayser, kulturskulerektor
E-post: karianne.kayser@samnanger.kommune.no
Telefon: 56 58 74 08 / 47 37 92 47
Undervisningsoppgåver: Song, tverrfløyte, piano, bandet Tutti Frutti, musikkstunder på Samnangerheimen og musikkundervisning i barneskulen
Per-Lorentz Milotzki
E-post: per-lorentz.milotzki@samnanger.kommune.no
Telefon: 975 83 555
Undervisningsoppgåver: Saksofon, dirigent for Samnanger Skulemusikklag og for Nordbygda/Tysse Musikklag
Ole Kristian Bonden
E-post: olekristian.bonden@samnanger.kommune.no
Telefon: 971 13 804
Undervisningsoppgåver: Messingblåsinstrument og dirigent for juniorkorpset
Endre Lindtner Jørgensen
E-post: endre.lindtner.jorgensen@samnanger.kommune.no
Telefon: 994 79 328
Undervisningsoppgåver: Klarinett og dirigent for aspirantkorpset
Snorre Stalheim Svenningsen
E-post: snorre.stalheim.svenningsen@samnanger.kommune.no
Telefon: 970 84 213
Undervisningsoppgåver: Slagverk og slagverkinstruktør for skulekorpset
Frøydis Flotve
E-post: froydis.flotve@samnanger.kommune.no
Telefon: 996 03 271
Undervisningsoppgåver: Teater
Ole Rasmus Hjelle
E-post: ole.rasmus.hjelle@samnanger.kommune.no
Telefon: 909 63 681
Undervisningsoppgåver: Musikkundervisning i barneskulen, gitar og bandinstrument
Målsetjingar for kulturskulen
- å gje den enkelte elev best mogeleg høve til å utvikla sine musikalske og kunstnariske evner og anlegg
- å gje ei allmenn og praktisk opplæring i ulike musikk- og kulturuttrykk
- å leggja grunnlaget for eit rikt kulturliv i kommunen, ta vare på gamle lokale musikk- og kulturtradisjonar og utvikle nye
- å hjelpa til å gje eit positivt ungdomsmiljø ved å skapa grobotn for verdfulle og varige aktivitetar innan musikk og andre kulturelle uttrykk.
Elevinntak
Elevar vert tekne inn etter søknad. Elevplassen gjeld for heile skuleåret til han blir sagt opp! Søknadsfrist og frist for utmelding og byte av fag for skuleåret 2021/2022 var 18.04.2022.
Aktivitetar utanom undervisninga
Kulturskuleelevane får høve til å ta del på ulike tilskipingar og konsertar. Me arrangerar jamleg tilskipingar på Samnangerheimen, me samarbeider med Pensjonistlaget. Me er ved fleire høve utom bygda med nokre av våre elevar; t.d. ”De unges festspilldag” i Bergen i mai.
Fordjupningsprogram / talentklasse
Særskilt interesserte elevar kan søkja om å ta fordjupingsprogram med dobbel undervisningstid. Det er også mogleg å søkja om plass i talentklasse i Bergen kulturskole. Desse elevane vert tekne inn etter prøvespel.
Kva kostar det (skulepengar)
Kommunestyret fastset kvart år satsane for betaling for plass i kulturskulen (skulepengar).
Satsar for 2023
Plasstype / tilbod | Pris |
Elevplass musikk og drama | kr 1 431 per halvår |
Elevplass grupper over 4 (storgrupper) | kr 797 per halvår |
Musikk fordjupning | kr 2 862 per halvår |
Instrumentleige | kr 320 per halvår |
Søskenmoderasjon 30 % for 2. og eventuelt fleire born i same husstand. Søskenmoderasjon gjeld berre for elevar under 18 år.
Betalinga er på forskot. Innbetalinga skjer i starten på skuleåret og i starten på kalenderåret. Ein motteken plass er bindande og elevpengar må soleis betalast for heile året. Ved særskilde høve, etter søknad, kan skulepengar bli delvis refunderte.
Satsar for 2022
Plasstype / tilbod | Pris |
Elevplass musikk og drama | kr 1 390 per halvår |
Elevplass grupper over 4 (storgrupper) | kr 774 per halvår |
Musikk fordjupning | kr 2 779 per halvår |
Instrumentleige | kr 311 per halvår |
Søskenmoderasjon 30 % for 2. og eventuelt fleire born i same husstand. Søskenmoderasjon gjeld berre for elevar under 18 år.
Betalinga er på forskot. Innbetalinga skjer i starten på skuleåret og i starten på kalenderåret. Ein motteken plass er bindande og elevpengar må soleis betalast for heile året. Ved særskilde høve, etter søknad, kan skulepengar bli delvis refunderte.
Eleven / heimen sine plikter
Alle må møta presis til timane, vera godt budde og ha med seg det dei er pålagde til i undervisninga. Dersom eleven ikkje kan møta til time, må læraren få melding om dette. Dei føresette må sjølve syta for instrument til å øva på (elevane må ha instrument heime!) Samnanger skulemusikklag leiger ut blåseinstrument. Eleven/dei føresette må kjøpa det notematerialet som trengst.
Slik søkjer du / søknadsskjema
Søknadsfrist for plass i kulturskulen skuleåret 2022/2023 er 18.04.2022.
Skulerute for kulturskulen 2022-2023
Trykk her for å lasta ned skulerute for kulturskulen 2022-2023.
Rammeplanar for kulturskulen
Trykk her for å lasta ned rammeplanen for Samnanger kulturskule.
Trykk her for å laste ned og lese i Norsk kulturskoleråd sin rammeplan for kulturskulen.