HeimKultur og aktivitetTilskotsordningar og stipend

Tilskotsordningar og stipend

 

Kulturmidlar

Kulturmidlane skal stimulera eksisterande og nye kulturtiltak i Samnanger kommune slik at kulturen kan vera ei positiv skaparkraft og utfalding som gjer at me får eit betre samfunn å bu i.

Kven kan søkja

Personar, organisasjonar, lag/foreningar, grupper og institusjonar som driv kultur- og fritidsarbeid i Samnanger kommune. Organisasjonar, foreiningar og institusjonar utanfor kommunen kan få tilskot når arbeidet deira er av spesiell monnaleg verdi for Samnanger.

Former for tilskot og søknadsfrist

- Driftstilskot til lag og organisasjonar
- Tilskot til tilskipingar
- Tilskot til kulturminne
- Tilskot til lokale kulturbygg

Søknadsfrist til kommunen er 20. mars

Tilskot til lokale kulturbygg

Frivillige lag, foreiningar, stiftingar, samvirkeføretak og samvirkelag kan søka om tilskot til lokale kulturbygg via www.anleggsregisteret.no.

Søknadsfrist

Søknadsfrist til kommunen er 15. januar.

Tilskot til anlegg for idrett og fysisk aktivitet

Ein kan søka om midlar til bygging eller rehabilitering av idrettsanlegg, nærmiljøanlegg og friluftslivanlegg via www.anleggsregisteret.no

Det er fleire krav og fristar ein må ta omsyn til i søknadsprossessen.

Den første av fleire fristar til kommunen er 30. juni.

Retningslinjer og søknadsskjema

Les meir om retningslinjene for kulturmidlar her.

Søknadsskjema

Søknadsskjema for kulturmidlar finn du her. 

Nærare opplysningar om ordninga får du ved å venda deg til kulturavdelinga.

Tilskot vilt- og fiskeriforvaltning

Det er høve til å søkja kommunen om tilskot til tiltak innan vilt- og fiskeforvaltning og friluftsliv. Denne tilskotsordninga vert finansiert av BKK (Bergenhalvøens Kommunale Kraftselskap), som eit av vilkåra i konsesjonen deira for Samnangervassdraget. 

Det er kommunen sitt naturutval som handsamar slike søknader. Søknader skal sendast til kommunen på ein av følgjande måtar: 

Kven kan søkja?

Fondet kan nyttast til tiltak som tek vare på eller betrar tilhøva for fisk, vilt og friluftsliv i Samnanger kommune. Privatpersonar, frivillige organisasjonar og offentlege instansar kan søka om tilskot.

Vedtekter

Vedtekter for bruk av konsesjonsmidlar i Samnanger

Søknadsfrist

Søknadsfristen vert sett til 1. april


Nærare opplysningar om ordninga får du ved å venda deg til kulturavdelinga.

Stipend 

Kulturstipend for unge – frist 1. mars

Stipendet kan tildelast ungdom som utmerkjer seg innan kultur og idrett. 

Vedtekter for ordninga finn du her

Nærare opplysningar om ordninga finn du ved å venda deg til kulturavdelinga. 


Sist oppdatert: 15.03.2021
Publisert: 20.10.2020