Ung Samning
Bygdekino
Det er kino i Nordbygda grendahus (Bygdekinoen). Informasjon om filmprogrammet finn du i lenka nedanfor:
- Filmprogram Bygdekinoen i Nordbygda grendahus
- Facebook side: https://www.facebook.com/samnangerbygdekino/
Samnanger ungdomsklubb
Ein gong i månaden blir det arrangert ungdomsklubb på Samnanger bibliotek. Her er det mogleg for ungdom frå 8 klasse og opp til 1 vgs å komma for å henga. Her kan du spela Playstation, bordtennis og biljard. Det blir òg musikk, mat og god stemning. Ungdomsklubben varer som regel mellom 18:30 - 22:30.
Følg med på ungdomsklubben sin Facebook side for å få med deg fremtidige arrangementer.
På grunn av korona blir det foreløping ikkje arrangert ungdomsklubb.
Ungdomsbading
Torsdagar ønskjer me ungdom frå 8. trinn og opptil 18 år velkomen til ungdomsbading i symjebassenget på ungdomsskulen kl 18.00-19.30.
Meir info om ungdomsbading våren 2021 vil verta lagt ut her.
LAN Party
En gang i halvåret blir det arrangert LAN Party på biblioteket i Samnanger. Følg med på kommunen sin Facebook side for når neste arrangement er.
På grunn av korona blir det foreløpig ikkje arrangert LAN Party.
Sommarklubben
I sommarferien arrangeres det sommarklubb for barn. Dette er eit gratis aktivitetstilbod for barn som byrjar i 4., 5., 6. og 7 klasse til hausten. Her blir det ulike aktivitetar over 5 dagar. Eit søknadsskjema vil bli lagt ut i juni som må sendast til kommunen. Sommarklubben har 20 plassar.
UKM- Ung kultur møtast
Hvert år i februar arrangerer me UKM festival på barneskulen i Samnanger.
Klikk her for mer informasjon om UKM.
På grunn av korona er UKM 2021 dessverre avlyst.
Ungdomsrådet
Samnanger har sitt eget ungdomsråd. Klikk her for meir informasjon.