HeimPlan, bygg og eigedomBustadHjelp til tilpassing av bustad

Hjelp til tilpassing av bustad

Har du behov for å tilpasse bustaden din? Då kan du søkje om finansiering til små eller store ombyggingar og tilpassingar.

Å tilpasse ein bustad vil seie å gjere han eigna slik at du kan halde fram å bu i den, sjølv om du har nedsett funksjonsevne.

Det finst låne- og tilskotsordningar, som kan gjere det mogleg å finansiere tilpassing av bustaden din. Kommunen kan finne fram til dei ordningane som finst for deg. Tilpassinga må vere formålstenleg, og behovet for tilskott blir vurdert ut frå husstanden sin økonomiske situasjon i framtida.

Ta kontakt med NAV Samnanger for meir informasjon: 


Sist oppdatert: 15.03.2021
Publisert: 19.02.2021