Kommunal bustad

Kommunalt disponert bustad

Føremålet med denne ordninga er å hjelpa vanskelegstilte med å skaffa seg bustad. 

Med vanskelegstilte personar meiner ein her personar som grunna dårleg økonomi, vanskelege sosiale forhold, sjukdom eller anna har vanskar med å skaffa seg bustad. 

Kommunen har avtale med SAFA eigedom om leige av bustader. 

Meir informasjon kan du få ved å ta kontakt med NAV. 

Kontaktinformasjon

Slik søkjer du

Søknadsskjema om leige av kommunalt disponert bustad.

Søknaden må du enten levera til NAV eller servicesenteret på kommunehuset på Tysse, eller senda til kommunen på ein av følgjande måtar: 

  • Postadresse: Samnanger kommune, Tyssevegen 217, 5650 Tysse
  • eDialog: sikker løysing for digital sending av dokument til kommunen
Naudbustad / midlertidig butilbod

Dette er ei ordning som skal hjelpa personar som har akutt behov for eit mellombels butilbod. Med dette meinest at personen ikkje har ein stad å sova og opphalda seg det neste døgeret. Tilbodet er ikkje meint å vara over tid. 

Meir informasjon kan du få ved å ta kontakt med NAV. Du finn også meir informasjon i søknadsskjemaet som du kan lasta ned nedanfor. 

Kontaktinformasjon

Slik søkjer du

Søknadsskjema om midlertidig butilbod 


Sist oppdatert: 19.02.2021
Publisert: 19.02.2021