Omsorgsbustad
Eldre, sjuke, funksjonshemma og andre som treng tilpassa bustad, kan søkje om å få leige ein omsorgsbustad.
Omsorgsbustaden er tilpassa rørslehemma og bygd slik at du kan motta nødvendige pleie- og omsorgstenester. Bustaden er din eigen heim, og tildeling av heimetenester skjer som for andre heimebuande.
For å sikre at du får det tilbodet som passar best for deg, kjem me vanlegvis på heimebesøk. Avtale om heimebesøk gjer me med deg eller den du har gitt fullmakt.
Slik søkjer du
Trykk her for å lasta ned søknadsskjema om helse- og omsorgstenester.
I søknaden må du beskriva behovet ditt og grunngje kvifor du søkjer.
Sidan søknaden inneheld opplysningar om helsetilstanden din, er det ikkje trygt å senda søknaden på e-post. Søknaden må derfor sendast eller leverast på ein av følgjande måtar:
- Lever søknaden på Samnangerheimen eller i ekspedisjonen på kommunehuset på Tysse
- Send søknaden i posten til:
Samnanger kommune
Tyssevegen 217
5650 Tysse - Send søknaden digitalt til kommunen via den sikre løysinga eDialog
Søknadsfrist
Det er ikkje søknadsfrist. Me handsamar alle søknadane etter kvart som dei kjem inn til oss.
Kva får du?
- du får ein tilpassa bustad
- du kan søkja om bustøtte frå Husbanken
Krav til søkjar
- du er 18 år eller eldre
- du må ha legeuttale
- du må ha eit fysisk eller psykisk funksjonstap
- du må betala husleige
Kontakt oss
Eining for pleie og omsorg - Samnangerheimen
- Telefon: 56 58 98 50
- E-post: post@samnanger.kommune.no
- Beøksadresse: Tyssevegen 97, 5650 Tysse Sjå i kart
Klage på vedtak
Trykk her for å lesa korleis du kan klaga på eit vedtak eller tilbodet du får.