Startlån

Har du problem med å komme inn på bustadmarknaden eller med å bli buande i bustaden din? Då kan startlån vere ei aktuell låneordning for deg.

Det er Husbanken som finansierer denne ordninga, men kommunen som tar imot søknadar og gjer vedtak.

Slik søkjer du

Trykk her for å gå til sida på Husbanken med søknadsskjema til startlån.

Det er NAV Samnanger som handsamar søknader om startlån. 

Me handsamar søknadane etter kvart som dei kjem inn. Du får eit svar frå oss innan 8 veker frå me har mottatt søknaden din.

Kor mykje kan eg låne?

Dette må me vurdere i kvart enkelt tilfelle.

Ein viktig føresetnad er at du som får startlån kan betene lånet over tid, og framleis ha nødvendige midlar att til å leve for.

Trykk her for å gå til Husbanken sine verktøy for å berekne startlån.

Kva får du?

Startlån er i hovudsak eit økonomisk hjelpemiddel til kjøp av bustad.

Du kan få startlån til:

  • Hjelp til å bli buande i bustaden du har no.
  • Refinansiering av eit dyrt lån.
  • Utbetring av bustad.
  • Tilpassing av bustad.
  • Bygging av bustad.
  • Topp- og fullfinansiering.

Krav til søkjar

Me kan gi startlån til deg som ikkje får lån i vanleg bank, eller ikkje får nok lån til å finansiere eit kjøp av bustad.

Når me handsamar søknaden din, vurderer me to forhold:

  1. Om utfordringa med å finansiere eigd bustad vil vere langvarig.
  2. Om du har gjort det du kan for å spare.

I nokre tilfelle kan me sjå vekk frå vurderinga over. Det kan vere i slike tilfelle:

  • Når du har barn i husstanden, eller særlege sosiale eller helsemessige utfordringar tilseier at de i løpet av kort tid må ha ein trygg, god og stabil busituasjon.
  • Når du har problem med å dekke buutgifter, og refinansiering med startlån bidrar til at de kan bli buande.
  • Når busituasjonen gjer at du risikerer å miste ein jobb.

Manglar du BankID eller er verge? Trykk her for å sjå korleis du får søkt.

Klage på vedtak

Du kan klage på vedtaket, dersom du meiner at det byggjer på feil opplysningar.

Klagefristen er tre veker frå du har mottatt vedtaket. Klagen må vere skriftleg.


Sist oppdatert: 22.07.2022
Publisert: 13.11.2018