Ferdigstilling

Ferdigstilling av søknad

Når tiltaket er ferdig, må du søkje om ferdigattest eller mellombels bruksløyve. Ferdigattesten eller mellombels bruksløyve må liggje føre før du kan ta i bruk tiltaket.

Ferdigattest for tiltak med søknadsplikt

Når eit søknadspliktig tiltak er ferdigstilt må du søkje om ferdigattest. Ferdigattesten viser at saka er ferdig handsama av kommunen. Me kan ikkje gje ferdigattest for tiltak som er søkt om før 1998.

Trykk her for skjema for søknad om ferdigattest.

Mellombels bruksløyve 

Dersom det står att mindre vesentleg arbeid og tiltaket er tilstrekkeleg sikra til å kunne takast i bruk, kan du søkje om mellombels bruksløyve.  Ved mellombels bruksløyve skal det gå fram kva arbeid som gjenstår og du får ein frist for å ferdigstilla tiltaket. Mellombels bruksløyve gjer at du kan du ta i bruk tiltaket før du har fått ferdigattest.

Trykk her for skjema for søknad om mellombels bruksløyve.

Ferdigmelding av tiltak utan søknadsplikt

Når eit tiltak, som er unntatt søknadsplikt, er ferdigstilt, må du informere kommunen om tiltaket og plasseringa, slik at kommunen kan oppdatere kart- og matrikkeldata. 

Skjema for melding om bygning og tilbygg unntatt søknadsplikt finn du her.

Send skjema til kommunen

Søknad om ferdigattest, mellombels bruksløyve eller melding om ferdigstilt tiltak utan søknadsplikt kan du senda digitalt til kommunen på ein av følgjande måtar:

Du kan også senda til: 

  • Samnanger kommune
    Tyssevegen 217, 5650 Tysse

Sist oppdatert: 15.03.2021
Publisert: 16.12.2019